14. august 2012

Tormod Haugland: Under (1994)

Endå ei debutbok, men denne gongen av ein forfattar eg ikkje har lese noko av før. Eg burde kanskje fletta inn orda "skammeleg nok" i setninga over - Haugland er ein forfattar eg garantert kjem til å lesa meir av. Dette er ei finfin bok.

Hovudpersonen kjem til ei lita bygd ved kysten, for å hjelpa til på ein gard. Bonden har skada seg i eit fall frå eit tak, og kona og faren treng hjelp. Han hjelper til etter beste evne, og nyttar elles tida til å drikka litt, til å prøva seg på nokre lokale damer, og - ja, det er vel det heile. Det er ein kort roman, på rundt hundre sider, og det skjer ikkje allverda, men likevel er det ei bok det er vanskeleg å leggja frå seg.

Språket er enkelt og daglegdags, men det hintar heile tida om noko som ligg bak. Kvar kjem hovudpersonen frå? Kva har han gjort før? Korleis er eigentleg forholdet mellom bonden og kona, og faren? Dette ukjende, det ikkje-fortalte, er det som driv boka framover, og det gjer boka spanande.

Guffen tilrår.

Meir Haugland på kulturguffebloggen
Varmare (1995)
Heller (1997)
Orden (1999)
Verd (2000)
To stykke (2002)
Inkarnasjon (2004)
I den sjette verda (2005)
No mar (2007)
Romberg. Kvinner og kriminalitet (2010)
Om dyr og syn (2017)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar