26. august 2012

Ulzana's Raid (1972)

Eg må snart slutta med å sjå desse western-filmane NRK2 sender om laurdagskveldane. Kvar for seg er nokre av dei greie nok, men når ein ser fleire slike i løpet av nokre månader, ser ein at det er ein sjanger med liten variasjon.

Saman med seks-sju andre stel apachen Ulzana med seg nokre hestar frå reservatet dei bur på. Målet deira er dels å ta attende fridomen dei hadde før, dels å ta livet av så mange kvitingar som råd. Den ferske løytnanten Garnett DeBuin tek med seg 25-30 soldatar for å stoppa dei, og har med seg to speidarar, apachen Ke-Ni-Tay og kvitingen MacIntosh. Dei får omsider kontakt med indianarane, og etter ein del skyting er alle dei fiendlege indianarane drepne.

Filmen handlar altså om den gamle usemja mellom indianarar og kvite, men spenninga mellom DeBuin og dei to speidarane er meir interessant. Han er nyutdanna, kristen, og har ikkje heilt teke inn over seg at dei han jaktar på er svært brutale. Dei to andre skjønar langt betre korleis Ulzana og mennene hans tenkjer, og korleis ein bør oppføra seg på indianarjakt. Etter nokre dagar i felten vert DeBuin gradvis meir nervøs og oppstemt, der han får sett haldningane sine på prøve.

Og elles? Her er fint skodespel, og dei to rollefigurane MacIntosh (Burt Lancaster) og DeBuin (Bruce Davison) står godt til kvarandre. Lancaster ser akkurat så rutinert ut som han skal, og det same gjer Davison - han ser ut som ein konfirmant.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar