Dette er ei fin bok. Hovudpersonen, Elisabeth Brenner, er ein journalist på attføring, og ho har fått eit oppdrag som verkar rimeleg overkomeleg. Ho skal reisa til Einvik, for å samla inn dialektprøvar for ein stipendiat på universitetet. For ein tidlegare journalist må det vera heller enkelt, det handlar stort sett om å kontakta folk, og få dei til å snakka om kva som helst i nokre minutt. Ho greier ikkje dette, tida går i staden med til å vera på Facebook, drikka, og å utsetja heile greia. Hadde Ivar Aasen vore like tafatt, hadde han aldri vorte ferdig.
Ho er altså på attføring, og då boka startar verkar det som om ho er på veg opp. Slik er det ikkje, ho er snarare på veg nedover. I Einvik vert ho ein alle veit om, etter at ho vart intervjua av lokalavisa, og fleire lurer på kvifor det kan ta så lang tid å få gjort det ho skal. Dette likar ho dårleg, ho er heile tida oppteken av kva andre meiner om ho, og er redd for at dei får eit dårleg inntrykk av ho. Er ho heime hjå folk er ho altfor oppteken av seg sjølv. Og av bryllaupsbileta som heng på veggen hjå dei ho vitjar.
Ho får høyra mykje rart når ho snakkar med folk. Det er flott med bøker som tek uventa vendingar, og her kjem det ei slik då ho intervjuar ein lokal mann. Han fortel heilt uoppfordra om då han gjekk på ungdomsskulen, og forgreip seg på ei dauddrukken jente i klassen. Brenner er heilt ute av stand til å vri samtalen over på noko anna, ho skjønar at dette er eit opptak ho ikkje kan bruka, men ser ut til å gle seg over all slik informasjon. Ho kvir seg ikkje for å nemna det for andre, når ho får høyra at ein av karane i bygda er impotent, er det heilt greitt for ho å seia det vidare.
Eikemo skriv svært godt, og fortel heile historia på ein god måte. Brenner får ein stadig større omgangskrins i Einvik, og får stadig vita meir om fleire, men me som les boka får ikkje vita mykje om Brenner. Det kjem nokre hint om fortida hennar, men det er alt. Og det er bra.
Guffen tilrår.
Meir Eikemo på kulturguffebloggen
Mellom oss sagt (2006)
Samtidsruinar (2008)
Arbeid pågår (2009)
Alt inkludert (2015)
Gratis og uforpliktande verdivurdering (2018)
Hardanger (2019)
30. desember 2011
28. desember 2011
Edmund Austigard: Solskinsbussen (2011)
Eg har lese ei bok av Austigard tidlegare, Taxi for B.A. Beckstrøm - eller kunsten å danse på furu, og denne boka stadfesta det inntrykket eg fekk av han der: Han skriv godt, og han kan skapa humoristiske situasjonar, men han dreg dei ikkje langt nok ut. Der eg ventar at dette var ein slags introduksjon til noko retteleg morosamt, viser det seg i staden at det var alt.
Ta til dømes ein scene tidleg i denne romanen. Me er i 1944, og fire personar hoppar ut i fallskjerm ein stad over Ryfylke. Dei landar alle i ei våt myr, der dei vert ståande fast til livet. Ein glimrande situasjon, slik eg ser det, og ein situasjon Austigard kunne gjort langt meir ut av. I staden kjem dei seg laus relativt raskt, i alle fall tre av dei.
Det finst nokre liknande døme i boka. Austigard er langt betre når han skriv alvorleg. Den namnlause eg-forteljaren i boka har budd nokre år i USA, men kjem no heim for å vera med i krigen. Han har òg ei høne å plukka med dei velståande naboane frå oppveksten, der har i ei årrekkje vore ein grensetvist, noko som truleg skuldast at naboane veit at der ligg verdfulle mineralar i området dei kranglar om. Naboane er like godt tyskarvenlege, men når freden er like rundt hjørna, reknar hovudpersonen med at naboane kjem til å endevenda heimgarden hans, for å finna eit brev som stadfestar at faren faktisk betalte ned heile gjelda, og at halve mineralområdet difor er hans.
Eg-personen er altså heimvend norskamerikanar, og han funderer mykje på alt som har endra seg dei 16-17 åra han har vore borte. Det er her Austigard er best, han skriv godt om det å høyra til ein stad, og om korleis kjærleiken og nærleiken til denne staden kan verta større når ein er langt vekke.
Guffen er lunken.
Meir Austigard på kulturguffebloggen
Jarl Austigard og Edmund Austigard: Jakta på bjednekniven (2009)

Edmund Austigard: Hvítrheimr (2025)
Etikettar:
Austigard,
litteratur,
Noreg
26. desember 2011
Per Petterson: I kjølvannet (2000)
Me budde nokre år midt i Volda sentrum. Tvers over vegen, eller gata, låg Haugen bok, ein finfin bokhandel. Ei av dei gode sidene deira var at dei alltid hadde lagersal i kjellaren. Der var sjølvsagt mykje skvip, der låg alltid ein førti-femti ulike kokebøker, men der var òg mange godbitar. Eg fann denne boka i kjellaren der. Eg har sans for Petterson, men boka har likevel fått stå i fred fram til no.
Hovudpersonen i boka, Arvid, ser ut til å vera i slekt med Petterson. Han er forfattar, og har nyleg fått fleire slag. Sambuaren har teke med seg dei to døtrene deira og flytta frå han, og det verkar som om han har forbod mot å treffa dei. Verre er det at han nyleg har mist foreldra då ein danskebåt kom i brann. Namnet på båten vert aldri nemnt, men ein skal vera bra historielaus om ein ikkje får assosiasjonar til Scandinavian Star. Petterson miste fire familiemedlemmer då den båten brann, mellom anna foreldra.
Det sentrale i boka er korleis Arvid prøver å reisa seg etter alt som har skjedd. Han er langt nede i opninga av boka, men reiser seg gradvis. Han finn seg (truleg) ein ny kjærast. Han slettar alt han har skrive, og tek heller utgangspunkt i nokre nye og glitrande avsnitt han har skrive. Boka sluttar difor heller optimistisk, han har òg fått eit nærare forhold til bror sin, den einaste familiemedlemmen han har igjen.
Boka har ein fin tittel. Arvid er i ei rekkje kjølvatn - det spelar sjølvsagt på båtulukka, men handlar òg om korleis han på sett og vis er i sitt eige kjølvatn, han prøver å ta seg sjølv igjen, å finna attende til det livet han hadde før. Og det handlar ikkje minst om forholdet mellom Arvid og faren. Dei var ulike, og hadde ikkje noko nært forhold, men det er heilt tydeleg at Arvid saknar faren, og at han gjerne ville ha kjent han betre. Han drøymer om faren, og han snakkar om han rett som det er.
Guffen tilrår.
Meir Petterson på kulturguffebloggen
Aske i munnen, sand i skoa (1987)
Ekkoland (1989)
Det er greit for meg (1992)
Til Sibir (1996)
Ut og stjæle hester (2003)
Månen over Porten (2004)
Jeg forbanner tidens elv (2008)
Jeg nekter (2012)
Menn i min situasjon (2018)
Ut og stjæle hester (film, 2019)
Mitt Abruzzo (2021)
Du er hjemme nå (2025)

Norge,
Petterson
23. desember 2011
Jackie Brown (1997)
Denne filmen avslutta VHS-festivalen. Ei heilt grei avslutning, men ikkje noko meir.
Ordell Robbie (Samuel Jackson) er småkriminell, og får hjelp av flyvertinna Jackie Brown (Pam Grier) til å smugla pengar frå Mexico til USA. Politiet finn ut kva som skjer, men har ikkje prov som kan knyta Robbie til pengesmugling og våpenhandling. Brown foreslår at ho kan lokka han i ei felle, men planlegg samstundes å lura politiet, slik at ho kan stikka av med alle pengane sjølv. Det går sånn nokolunde etter planen, både Robbie og eit par andre misser livet, medan politiet under tvil bit på dekkhistoria til Brown.
Filmen er regissert av Quentin Tarantino, og det er ikkje den beste filmen hans, dette. I andre filmar er dialogen langt betre, her er det meir på det jamne. Det er òg rimeleg opplagt kva som kjem til å skje, her er ingen store uventa vendingar. Skodespelet er derimot bra, både Jackson og Grier er gode, og Robert DeNiro glitrar òg som den tafatte og dumme medhjelparen til Robbie. Musikken i filmen er òg glimrande.
Guffen er lunken.
Meir Tarantino på kulturguffebloggen
Reservoir Dogs (1992)
Pulp Fiction (1994)
From Dusk till Dawn (1996)
Kill Bill 1 (2003)
Kill Bill 2 (2004)
Inglourious Basterds (2009)
Django Unchained (2012)
The Hateful Eight (2015)
Once Upon a Time in Hollywood (film, 2019)
Once Upon a Time in Hollywood (roman, 2021)

21. desember 2011
Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet (2011)
Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet, skriven av Johan Harstad, er ei av dei nyare norske bøkene eg har likt best. Eg såg difor fram til denne fjernsynsserien, og eg vart ikkje skuffa.
Den viktigaste grunnen til det er Pål Sverre Valheim Hagen. Han har hovudrolla som Matias, og det er eit så til dei grader vellukka val. Han er Matias, han spelar så bra at det er vanskeleg å tenkja seg nokon som kunne gjort det betre. Matias er ein tafatt kar, litt redd for å prøva noko nytt, han søkjer etter det trygge, og gøymer seg bak si eiga oppfatning av Buzz Aldrin: ein mann som var glad og lukkeleg over å vera nummer to. Alle kan ikkje vera nummer ein.
Matias vil gjerne at livet berre går vidare. Han har ingen store ambisjonar - sjølv om alle veit at han har ei fabelaktig songstemme, har han ikkje lyst til å syngja. Han gjer det likevel tre gonger. Ein gong på ein ungdomsskulefest, ein gong på båten til Færøyane, og, heilt til slutt i serien, på ein konsert på Færøyane. Han reiste til Wikipedia saman med bandet Perkleiva, det skar seg på båten over, og han vart verande der eitt år, i ein lettare improvisatorisk psykiatrisk institusjon. Her finn han seg til rette, han har minimal bruk for psykisk hjelp, men ser at han her kan leva eit anonymt liv. Ein snartur tilbake til Noreg gjer han berre tryggare på at han ikkje kan vera der. Han returnerer til Færøyane, og der går det betre. I alle fall tilsynelatande, filmen sluttar med at Matias og fem-seks andre legg ut på båttur til Karibia, og det er langt frå sikkert at dei når målet. Der den eigentlege Buzz Aldrin hadde eit svært NASA-apparat i ryggen, har Matias og reisefølgjet hans berre seg sjølve.
Det er ein fin serie. Det er ikkje som i boka, sjølvsagt, men det er likevel mykje fint. Noko av det beste er filminga, som er smakfull og god. Her er heile tida flotte fargar, av og til ser det heile kunstig ut, som om dei held til i ei drøymeverd. Og Valheim Hagen er her heile tida - han er med i omtrent kvar einaste scene, og han briljerer altså.
Guffen tilrår.
Meir Harstad på kulturguffebloggen
Herfra blir du bare eldre (2001)
Ambulanse (2002)
Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet? (2005)
Hässelby (2007)
Bsider (2008)
Darlah (2009)
Osv. (2010)
Motorpsycho. Blissard (2012)
Manifest for folk flest (2013)
Max, Mischa og Tetoffensiven (2015)
Ferskenen (2018)
Under brosteinen, stranden! (2024)

18. desember 2011
The Truman Show (1998)
VHS-festivalen held fram. Ting tyder på at det berre er ein film att på programmet etter denne, men ein veit jo aldri.
Denne er uventa bra, spesielt når ein tenkjer på at Jim Carrey har hovudrolla. for ein gongs skuld har han fått beskjed om å vera skodespelar, i staden for å vera ein nisse som skal gjera rasande festlege grimasar heile tida. Han spelar Truman Burbank, som heile livet har hatt hovudrolla i eit realityshow. Livet hans vert vist nonstop på ein eigen fjernsynskanal, og alle rundt han er skodespelarar. Han bur i eit enormt fjernsynstudio, med hus og natur og himmel og hav. Gradvis skjønar han at alt ikkje er som det er, trass i at både kona og bestevenen prøver å overtyda han om at alt er OK. Til slutt har han likevel fått nok, og prøver å koma seg vekk utan å verta oppdaga av dei tusenvis av kamera som står rundt om i byen.
Kvifor vil folk vera med på realityshow? Og viktigare - kvifor orkar folk å sjå på det? Det kunstige i det heile vert understreka av kulissane i byen Truman bur i. Det er så nymåla og reint og sterilt at det heile minner om Celebration, denne Disney-byen i Florida der alle farar i det amerikanske samfunnet er luka vekk. I filmen er alle kikkarar, det mest interessante er korleis det går med Truman. Spesielt når han prøver å flykta sit folk som fjetra, og det er som det skal vera når filmen sluttar med at to som har sett på serien uttrykkjer glede over at Truman kjem seg ut, før den eine spør "ok - kva skal me sjå på no"?

Klaus Langen: Ivar Mortensson Egnund (1957)
Ivar Mortensson-Egnund var ein av dei mest fargerike målmennene rundt det førre hundreårsskiftet. Han var på god fot med mange av dei andre store målmennene som då levde, og var aktiv på mange område. Han var i seks år redaktør for den svært viktige avisa Fedraheimen. Han gav ut fleire diktsamlingar, og skreiv òg skodespel. I godt vaksen alder utdanna han seg til prest, og arbeidde som prest nokre år, før han brukte det meste av tida si på skriving og omsetjing. Sjølv om han var prest, stod han i religiøse spørsmål eit stykke frå den norske kyrkja, og kan gjerne omtalast som mystikar. Og han var anarkist, han skreiv mykje og ofte om anarkismen, hadde god kontakt med anarkistar i andre land. Bokkafeen på Uffa i Trondheim, Ivar Matlaus, vart kalla opp etter Mortensson-Egnund.
Alt dette, og meir til, står det om i denne biografien. Det burde likevel stått mykje meir. Det er ein heller kort biografi, Langen skriv i eit føreord at han har omarbeidd magisteravhandlinga si til ei folkebok. Kor mykje han har kutta ut veit eg ikkje, men han skriv at han har fjerna alle kjeldetilvisingar, og det er sjølvsagt ein stor minus. Boka burde òg hatt register.
Boka er litt rotete, og kunne gjerne vore langt betre strukturert. Spesielt i kapitla om presten og mystikaren Mortensson-Egnund er det lett å detta av, her verkar det som om Langen anten ikkje har stor nok kunnskap om desse felta, eller som om han ikkje evnar å presentera det på ein folkeleg og forståeleg måte.
Boka kom i serien "Norske biografiar". Tre av dei andre biograferte i denne serien, Blix, Løland og Støylen, har nyleg fått store og (tidvis) solide biografiar. Nokon burde skriva ein ny og grundig biografi om Mortensson-Egnund, og for så vidt om Rasmus Steinsvik, den femte biograferte i denne serien. Inntil vidare er dette den einaste biografien om Mortensson-Egnund. Her er mykje som kunne vore gjort annleis, men her er òg mykje som ikkje står annan stad. Boka er såleis ikkje utan verdi.

Abonner på:
Innlegg (Atom)