Musikk kan vera veldig viktig for oss. Me likar sjølvsagt ikkje den same musikken, men likevel. Det er kanskje det viktigaste poenget i denne filmen - enormt mange var enormt opptekne av og glade i musikken til Manchester-bandet Oasis. Dei vart oppløyst midt under ein turné i 2009, og dei to brørne i bandet, Liam og Noel Gallagher, har halde fram med kranglinga i åra etterpå. Heilt til 2024, då dei fortalde at dei i 2025 skulle ut på reunion-turné. Og det er det denne filmen handlar om.
For meg var aldri musikken deira spesielt interessant. Det var alltid stas å lesa intervju med dei to brørne, dei var fritalande og artige. Kranglinga mellom dei to tok det heile til nye høgder. Og det er kanskje det som er det mest skuffande med denne filmen: Dei to er heile tida høflege mot kvarandre, dei smiler og ler og går hand i hand inn på scena. Kvar einaste gong.
Altså: Her er nokre arkiv-klipp. Her er litt frå øvingane før turneen. Her er litt frå lydsjekkar og mykje frå konsertar. Her er intervju med ein del fans. Her er altså ingenting å ropa stort hurra for. Dei i bandet som ikkje heiter Gallagher kjem knapt nok til orde. Unntaket er Bonehead, som var med i Oasis fram til 1999 - han er synleg. Men dei tre andre? To av dei var til og med med i bandet i ti år, men dei vert ikkje snakka om før heilt på slutten, då Liam presenterer bandet, og då er det nok med førenamna deira. Det same gjeld trommeslagaren dei har hyra inn for denne turneen. Alt i alt - ein film der eg byrja å kjeda meg relativt tidleg.
Guffen kan ikkje tilrå dette.
Oasis. Don't Look Back in Anger (2026)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar