Viser innlegg med etiketten Eikemo. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Eikemo. Vis alle innlegg

11. juli 2021

Marit Eikemo: Gratis og uforpliktande verdivurdering (2018)

 

Hanne drøymer om å flytta ut av ei leilegheit ho ikkje likar. Ho leitar heile tida etter attraktive hus på finn.no, og finn omsider drøymehuset. Ho får med seg sambuaren Andreas på at dette er huset dei skal ha, sjølv om det er noko dyrare enn dei har råd til. Dette er omtrent alt ho kan tenkja på - ho skulkar jobben, ho ser ikkje ungane sine, ho berre skal ha det huset. Alle andre har fått det til, alle andre har betre liv enn ho, og ho er overtydd om at berre dei vinn bodrunden vil alt i livet hennar betra seg.

Me får aldri vita om dei vert huseigarar; boka har ein heilt open slutt. På vegen dit kjem det eit par uventa vendingar, der forholdet mellom Andreas og Hanne vert sett på prøve. Det er dels den gamle utsegna om livsløgn og livslyst, det er dels Who's Afraid of Virginia Woolf.

At det dukkar opp uventa hendingar er sjølvsagt fint, men her er òg mykje i boka som er mindre fint. Det vert litt overtydeleg, ting vert forklart for grundig. Mange av samtalane har lite truverdige replikkar.

Guffen er lunken.

Meir Eikemo på kulturguffebloggen
Mellom oss sagt (2006)
Samtidsruinar (2008)
Arbeid pågår (2009)
Samtale ventar (2011)
Alt inkludert (2015)
Hardanger (2019)

10. mai 2020

Marit Eikemo: Hardanger (2019)

Dette er den fyrste novellesamlinga til Eikemo. Alle novellene går føre seg i Hardanger, eit landskap ho kjenner godt. Mykje er bra her, språket er godt, me møter personar me kan tru på, men samstundes tek det aldri heilt av. Fleire av novellene sluttar med ei uventa vending eller noko som skal vera eit slåande poeng, og ingen av desse fungerte slik eg reknar med at intensjonen var.

Det er Hardanger som er det gjennomgåande i boka. Me møter folk som lagar sider, me møter folk som går Dronningstien, me møter tilreisande som drøymer om eit småbruk, me møter fastbuande som møter dei tilreisande med sunn skepsis og stoisk ro. Heller ikkje i denne boka er Hardanger større enn at me møter dei same personane fleire gonger. Ein hovudperson i ei novelle kan dukka opp som ein biperson i ei anna, eller omvendt.

Guffen er lunken.

Meir Eikemo på kulturguffebloggen
Mellom oss sagt (2006)
Samtidsruinar (2008)
Arbeid pågår (2009)
Samtale ventar (2011)
Alt inkludert (2015)
Gratis og uforpliktande verdivurdering (2018) 

29. november 2015

Marit Eikemo: Samtidsruinar (2008)

I denne boka reiser Marit Eikemo rundt til relativt nye bygningar som ikkje er i bruk meir. Ho held seg stort sett til reisemål i Noreg, men reiser òg til den norske kolonien i Spania, der ho finn den merkelegaste ruinen: Eit byggverk ho ikkje eingong skjønar kva er, eller skal vera - eit uferdig bygg av ein meisterarkitekt.

Det er ei bok med glimrande essay. Eikemo skriv om korleis ruinane har vore brukte, men skriv mykje meir enn det. Ho skriv om dei som arbeidde eller budde i bygningane, og det går ei kjensle av tap gjennom dei fleste essaya. Størst inntrykk gjorde stykket om kyrkjegarden ved Valen sjukehus i Sunnhordland, der det handlar mest om lobotomi. Og om overlegen som styrte det heile, og som bad om å verta gravlagd på kyrkjegarden pasientane hans vart send til.

Så det er mykje vemod i denne boka, men det er òg litt av kvart å smila av. Eikemo reiser til dømes til Ekofisk-feltet, der ho ser på den enorme Ekofisktanken. Dei fyrste åra vart olje frå Ekofisk mellombels lagra der, etter at det kom oljeleidningar til fastlandet vert ikkje tanken brukt meir. Men det er ingen planar om å hogga han opp, han skal få stå der til han søkk i havet. Inntil vidare er han heim for ein koloni selar.

Guffen tilrår.

Meir Eikemo på kulturguffebloggen
Mellom oss sagt (2006)
Arbeid pågår (2009)
Samtale ventar (2011)
Alt inkludert (2015)
Gratis og uforpliktande verdivurdering (2018) 
Hardanger (2019)

6. september 2015

Marit Eikemo: Alt inkludert (2015)

Alle har løyndomar for sine nærmaste. Studentar kastar vekk tida si ved å spela data heile tida. Ingen bryr seg om ho gamle dama i toppetasjen. Alle er opptekne av kva dei eig - Oscar Wilde-sitatet om at "nowadays people know the price of everything and the value of nothing" dukkar opp i minnet. Alle reiser vekk i ferien - alle vil vekk. Alle snakkar nedlatande om rusmisbrukarane i nabolaget. Alle har bil. Alle veit at handverkarar frå Aust-Europa gjer slett arbeid, og alle veit at alle frå Aust-Europa er kriminelle. Alle har iPhone og andre skjermar framfor seg støtt. Og så bortetter.

Hovudpersonen, Agnes, er eit unntak. Ho eig ingenting, og er på utsida heile tida. Boka opnar med at ho, saman med den seks år gamle dottera Maja, flyttar inn i ein fuktig kjellarleilegheit; boka sluttar med at ho flyttar ut og reiser til ein annan by, ein annan stad. Ho har pengar, og handlar stort sett på Finn.no. Og ho spelar Nintendo og Candy Crush i timevis. Ho lyg heile tida, ho diktar opp eit hakket meir suksessrikt liv enn det ho har. Det går sånn nokolunde, ho vert etter kvart avslørt som ein lystløgnar, og det er vel viktigaste grunnen til at ho flyttar.

Boka er ein liten nedtur. Eg har lese tre romanar av Eikemo tidlegare, og har likt to av dei. Her vert det for mykje, det vert for mange element som skal visa korleis det norske samfunnet ser ut i dag. I alle fall verkar det slik. Agnes er heller ikkje ein karakter som er spanande nok til å bera ei heil bok.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Eikemo på kulturguffebloggen
Mellom oss sagt (2006)
Samtidsruinar (2008)
Arbeid pågår (2009)
Samtale ventar (2011)
Gratis og uforpliktande verdivurdering (2018) 
Hardanger (2019)

26. februar 2015

Marit Eikemo: Mellom oss sagt (2006)

Regine Hansen har ikkje heilt takla overgangen frå å vera ungdom til å vera vaksen, frå å vera student til å vera ferdig studert. Ho vikarierer som sakshandsamar i Aetat, er singel, og vil eigentleg at alt og alle skal vera som i studietida. Sjølv om studietida heller ikkje var heilt slik som ho hugsar det. Kvar gong ho møter dei gamle studiekameratane er det som om ho står på utsida, som om dei andre har klart å ta fellesskapen sin inn i ei ny tid og ein ny stad, medan ho altså står fast i gamle dagar.

Ho nektar å innsjå at det er hennar feil, ho innbiller seg at ho har full kontroll. Men det har ho jo ikkje, gradvis vert ho meir avkledd, heilt til det toppar seg i ein samtale med foreldra. Ho har kjøpt ein leilegheit ho ikkje er i nærleiken av å ha råd til, og bed foreldra om eit forskot på arven. Ho reiser heim til dei for fyrste gong på lenge, sjølv om dei alle bur i Bergen, og får beskjed om at dei kan hjelpa ho viss ho skjerpar seg litt, og gjer ein innsats både for seg sjølv og for dei andre i familien.

Guffen tilrår.

Meir Eikemo på kulturguffebloggen
Samtidsruinar (2008)
Arbeid pågår (2009)
Samtale ventar (2011)
Alt inkludert (2015)
Gratis og uforpliktande verdivurdering (2018) 
Hardanger (2019)

30. desember 2011

Marit Eikemo: Samtale ventar (2011)

Dette er ei fin bok. Hovudpersonen, Elisabeth Brenner, er ein journalist på attføring, og ho har fått eit oppdrag som verkar rimeleg overkomeleg. Ho skal reisa til Einvik, for å samla inn dialektprøvar for ein stipendiat på universitetet. For ein tidlegare journalist må det vera heller enkelt, det handlar stort sett om å kontakta folk, og få dei til å snakka om kva som helst i nokre minutt. Ho greier ikkje dette, tida går i staden med til å vera på Facebook, drikka, og å utsetja heile greia. Hadde Ivar Aasen vore like tafatt, hadde han aldri vorte ferdig.

Ho er altså på attføring, og då boka startar verkar det som om ho er på veg opp. Slik er det ikkje, ho er snarare på veg nedover. I Einvik vert ho ein alle veit om, etter at ho vart intervjua av lokalavisa, og fleire lurer på kvifor det kan ta så lang tid å få gjort det ho skal. Dette likar ho dårleg, ho er heile tida oppteken av kva andre meiner om ho, og er redd for at dei får eit dårleg inntrykk av ho. Er ho heime hjå folk er ho altfor oppteken av seg sjølv. Og av bryllaupsbileta som heng på veggen hjå dei ho vitjar.

Ho får høyra mykje rart når ho snakkar med folk. Det er flott med bøker som tek uventa vendingar, og her kjem det ei slik då ho intervjuar ein lokal mann. Han fortel heilt uoppfordra om då han gjekk på ungdomsskulen, og forgreip seg på ei dauddrukken jente i klassen. Brenner er heilt ute av stand til å vri samtalen over på noko anna, ho skjønar at dette er eit opptak ho ikkje kan bruka, men ser ut til å gle seg over all slik informasjon. Ho kvir seg ikkje for å nemna det for andre, når ho får høyra at ein av karane i bygda er impotent, er det heilt greitt for ho å seia det vidare.

Eikemo skriv svært godt, og fortel heile historia på ein god måte. Brenner får ein stadig større omgangskrins i Einvik, og får stadig vita meir om fleire, men me som les boka får ikkje vita mykje om Brenner. Det kjem nokre hint om fortida hennar, men det er alt. Og det er bra.

Guffen tilrår.

Meir Eikemo på kulturguffebloggen
Mellom oss sagt (2006)
Samtidsruinar (2008)
Arbeid pågår (2009)
Alt inkludert (2015)
Gratis og uforpliktande verdivurdering (2018) 
Hardanger (2019)

29. juni 2011

Marit Eikemo: Arbeid pågår (2009)

Harald Strand held på med ei doktoravhandling om Ibsen. Han har reist til Spania for å fullføra denne avhandlinga, men får ikkje gjort noko som helst. Han surfar på nettet, han drikk, og han fantaserer om to damer - Alice i nabohuset, og Ellisiv i Bergen. Kvar dag seier han til seg sjølv at han skal få gjort noko med avhandlinga, men det skal ingenting til før han misser tråden, før noko kjem i vegen. Og det skal ingenting til før han avsluttar arbeidsdagen, og sjølv om han er heilt fri og frank, er det uråd å arbeida etter klokka seks, osb.

Det er eit liv som har stranda, med andre ord, og Eikemo skildrar dette livet godt. Men på same måte som med avhandlinga til Strand, som berre er halvferdig, vert det noko halvgjort over denne romanen. Eg kunne tenkt meg noko meir, noko meir uventa. No vert det ei bok som er heilt grei, som ikkje utmerkar seg altfor mykje, og som truleg ikkje vert henta fram att frå bokhylla.

Guffen er lunken.

Meir Eikemo på kulturguffebloggen
Mellom oss sagt (2006)
Samtidsruinar (2008)
Samtale ventar (2011)
Alt inkludert (2015)
Gratis og uforpliktande verdivurdering (2018) 
Hardanger (2019)