Denne boka er eit glitrande døme på korleis ei historie skal forteljast. Det opnar med at den store Bergens-arkitekten Leif Grung går til eit stup ikkje langt heimefrå og kastar seg utfor. Møllerhaug nøstar opp bakgrunnen for dette sjølvmordet, og det er ei nøsting ikkje alle impliserte kjem like godt frå.
Grung tok livet sitt i oktober 1945. Under krigen hadde han arbeidd for okkupasjonsmakta. Politiet oppretta sak mot han, men det var nok minst like vondt for Grung at dei andre arkitektane i byen vende han ryggen. Han visste godt at fleire av dei òg hadde teke oppdrag for tyskarane, men han visste òg noko anna: Han var ein dobbeltagent - han hadde kontaktar i motstandsrørsla og mellom englandsfararane. Problemet var at dei næraste kontaktane var døde, og at dei vitnerapportane som stadfesta at Grung var på rett side vart gøymde.
Møllerhaug leitar overalt. Han snakkar med etterkomarar, han blar i arkiv, og han leitar etter hus Grung kan ha teikna for tyskarane. Tidleg i boka var eg usikker på om dette var ein freistnad på å reinvaska ein arkitekt Møllerhaug har sansen for, men gradvis vart eg overtydd: Prova er mange på at det var fleire som nærmast var interesserte i å få Grung vekk frå yrkeslivet. Kanskje spesielt han eine arkitekten som overtok ein verdfull kunde som Hilmar Reksten.
Guffen tilrår.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar