22. februar 2021

Green Book (2018)

 

Det skal ikkje all verdas fantasi til for å tippa kva som skjer i denne filmen, men det var heilt greitt å sjå han likevel. 

Me er i USA, 1962. Tony Lip arbeider som dørvakt i ein klubb som skal stengjast i nokre månader, og ser etter ny jobb. Han får eit tips om at doktor Shirley treng sjåfør. Han møter på jobbintervju, og vert overraska over at 1) Shirley ikkje er dokter, og 2) han er svart. Dei to kjem frå heilt ulike bakgrunnar - Tony er enkel og fordomsfull, Shirley er ein sofistikert jazzmusikar. 

Shirley skal på turné, hovudsakleg i dei amerikanske sørstatane. Då turen startar er dei to jamleg i tottane på kvarandre, men gradvis vert dei nære vener. Shirley kjem fleire gonger opp i alvorlege situasjonar, og Tony reddar han. Shirley prøver på si side å gjera Tony hakket meir sivilisert, og sjølv om det ikkje går heilt som planlagt, får dei altså sansen for kvarandre. Filmen, som hentar handlinga frå det verkelege livet, sluttar med at Shirley vitjar familien til Tony på jolekvelden, og rulletekstane fortel at dei vart vener for livet.

Det er ein heilt fin film. Flotte bilar og flotte miljø, og glimrande skodespel av Viggo Mortensen og Mahershala Ali i dei to hovudrollene.

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar