5. oktober 2020

Madness: Before We Was We (2019)


I gode gamle dagar, då eg og Torstein høyrde på Radio Luxembourg, dukka det opp nokre ska-greier. Me likte begge dei to friskaste ska-banda, Specials og Madness, og kjøpte vel nokre av dei tidlege platene deira. Interessa dabba av utetter i 1980-åra.

Denne boka handlar om tida fram til gjennombrotet deira, og det er ei fascinerande historie. Det er oral history, der dei sju i bandet alle fortel om livet før musikken tok dei. Det kjem nokre uventa vendingar - av ein eller anna grunn såg eg aldri på Madness som bandittar, men dei var slettes ikkje dei snillaste gutane i klassen. Fleire av dei veks opp i mindre balanserte heimar, her er kleptomanar, ein av dei sit i fengsel nokre veker, her er mykje rus og slikt, osb.

Musikken bergar dei, på sett og vis. Dei finn si eiga nisje, og vert overraska då dei brått oppdagar at Specials fiskar i nesten same vatnet. Dei ser mange skilnader sjølve, men der er òg nok likskapar til at dei er klar over at dei spelar på lag.

 Det er jamt over ein lystig tone, både i det dei fortel og det dei fortel om. Vokalisten Suggs vart til dømes sparka frå bandet av di han prioriterte Chelsea-kampar høgare enn øvingar. Han ser at Mike Barson, som var ein slags leiar i bandet, har annonsert etter ny vokalist, og Suggs ringjer opp og presenterer seg med ein annan dialekt. Barson bit på, i alle fall ei lita stund.

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar