28. april 2011

Thomas Pynchon: Slow Learner (1984)

Thomas Pynchon er stor. Dei fleste romanane hans er verdt å lesa - dei er krevjande, og det er slettes ikkje alltid at eg greier å hengja med på det han skriv, men likevel: Det er ikkje mange bøker eg har kost meg like mykje med.

Han har det ikkje travelt. Det kan godt gå nokre år mellom kvar bok, og etter meisterverket Gravity's Rainbow, som kom i 1972, tok det mange år før det kom noko nytt. Kanskje var det ein av grunnane til at denne boka kom då ho kom. Her er fem tidlege Pynchon-historier, fire av dei vart publiserte før Pynchon debuterte i bokform i 1963. Pynchon har ikkje endra noko i desse historiene, men har skrive eit godt og informativt føreord. Pynchon snakkar aldri med journalistar, og vert forbanna dersom nokon prøver å fotografera eller filma han, slik at dette føreordet er ein av dei få stadene han seier noko om eigne tekstar.

Han er rimeleg kritisk til dei fleste. Etter at han plukka "Low-lands" frå kvarandre, skriv han: "Disagreeable as I find 'Low-lands' now, it's nothing compared to my bleakness of heart when I look at 'Entropy'." Han peikar på ei rekkje feil unge og upubliserte skrivarar gjer, spesielt irriterer han seg over at han bruker mange ord han ikkje visste tydinga av. Han mislikar òg dialogane, historiene er dårleg oppbygde, karakterane oppfører seg heilt feil, osb.

Eg synest han er altfor kritisk. Historiene kan ikkje lesast som noko anna enn det dei er - tidlege tekstar av ein lovande forfattar. Visst er her manglar, men her er òg nok av ting å gle seg over. Mange av kjennemerka hans er alt til stades - historier som ikkje umiddelbart er heilt oversiktlege, organisasjonar med fiffige akronym, songtekstar som dukkar opp midt i teksten, og lett surrealistiske element. Her er derimot mindre humor enn det ein kunne venta, kanskje han konsar for mykje på språket. Nokre av personane har gode namn, og nokre av desse dukkar opp i seinare bøker - det gjeld i alle fall Pig Bodine, kanskje òg Slothrop? Ikkje heilt sikker.

Den historien som fungerer best, og det vil kanskje sei den historien som har færrast manglar, er den siste, "The Secret Integration". Denne vart fyrste gong trykt i 1964, og er den av dei fem historiene med mest å le av. Det er samtidig den minst pynchonske, det minner meir om Inherent Vice enn Gravity's Rainbow.

Dei som ikkje har lese Pynchon før bør heller prøva ein av romanane hans, men for Pynchon-kjennarar er denne verdt å lesa. Sjølv om det går litt opp og ned.

Guffen tilrår.

Meir Pynchon på kulturguffebloggen
Ruth A. McIntyre: William Pynchon. Merchant and Colonizer (1961)
The Crying of Lot 49 (1965)
Lotion: Nobody's Cool (plate, 1995 - hårfint relatert til Pynchon)
Inherent Vice (2009)
Bleeding Edge (2013)
Inherent Vice (film, 2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar