Det er ikkje kvar dag ein ser ein film der det er så opplagt kva som kjem til å skje. Joey, ei ung kvit dame frå ein velståande familie forlovar seg på Hawaii med John, ein litt eldre svart mann. Dei tek ein snartur innom foreldra hennar i San Francisco, og sjølv om dei reknar seg som liberale, har dei litt problem med dette. John står på farten til Europa, og foreldra hans tek like godt turen opp frå Los Angeles for å helsa på kjærasten hans. Dei er like skeptiske, men det heile løyser seg sjølvsagt. Noko heilt ville vore heilt utenkjeleg i 1967.
Begge foreldrepara er i utgangspunktet skeptiske. Gradvis vert mødrene meir positive, men dei greier ikkje å få fedrane til å skifta meining. I alle fall ikkje før mor til John, i ein samtale med far til Joey, seier at einaste grunnen til at han ikkje likar dette er at han for gamal. Det vert den forløysande kommentaren, og filmen sluttar med ein lang monolog av far til Joey, der han fortel kva som har skjedd denne dagen (han refererer altså handlinga i filmen), og der det sluttar med at han meiner at dei bør gifta seg, sjølv om samfunnet ikkje er klare for dette enno.
Her er mange samtalar, og det aller meste av filmen skjer heime hjå foreldra til Joey. Då eg såg filmen tenkte eg at dette var eit filma teaterstykke, men det var det visst ikkje likevel. Men det kunne ha vore det. Filmen må ha teke opp eit aktuelt og vanskeleg tema då han kom, og monologen mot slutten vert for insisterande, det vert for tydeleg at dette er eit innlegg i debatten. Bortsett frå det, og bortsett frå nokre vitsar som slettes ikkje er morosame, er det ein heilt grei film.
Guffen tilrår.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar