24. oktober 2021

Finn Alnæs: Koloss (1963)

 

Ein gong tidleg i 90-åra vart denne romanen filmatisert. Filmen vart slakta i avisene, og då eg såg filmen forstod eg godt at meldarane var lunkne. Slik eg hugsar det var det triste og tunge greier, der svært lite fungerte.

Utan at eg skal prøva å forsvara regissørane må det seiast at det ikkje er den enklaste romanen å laga god film av. I den siste tredelen av boka går hovudpersonen, Brage Bragesson, åleine i ein snøstorm, der han tenkjer mykje på kva han driv med, og kva som eigentleg hende i Amsterdam.

Kortversjonen: Etter å ha arbeidd på eit skip går Bragesson i land i Amsterdam. Han drikk for mykje, og det endar med at han kjem i slagsmål med sju tyskarar. Han drep ein av dei, og sjølv om han hevdar at det var i sjølvforsvar vert han dømd til fengselsstraff. Han slepp ut etter fire år, etter at det kjem fram at det faktisk var i sjølvforsvar, og at han ikkje var åleine om det som hende. Han reiser til Noreg, og dreg til fjells for å leita etter kjærasten Siv, som forsvann under ein skitur medan Bragesson sat i fengsel. Han må i staden hjelpa Bentein Dagestad, som det viser seg at var den mystiske medhjelparen hans i slagsmålet. Det bles opp til ein livsfarleg storm, og her kjem det seigaste partiet i boka: Bragesson slit seg ut, fantaserer, tenkjer tilbake på Siv, frys nesten i hel, men greier å redda Dagestad. Etter å hja amputert nokre fingrar og tær reiser Bragesson tilbake, og finn Siv ihelfrosen.

Den fyrste delen av boka er svært god, men det dabbar kraftig av mot slutten. Boka er velskriven, men det er ikkje nok.

Guffen er lunken.  

23. oktober 2021

John Cooper Clarke: I Wanna Be Yours (2020)

 

Det vesle eg veit om John Cooper Clarke er at han var ein punk-poet. Det dukka opp nokre diktlesingar på samleplater frå gamle dagar, der han las morosame dikt i eit rasande tempo. Favoritten av desse var "I Married A Monster From Outer Space".

Sjølvbiografien hans er ikkje like morosam. Han var fødd i 1949, og vaks opp i Manchester. Han ville verta diktar, men hadde lenge andre jobbar ved sida av. Då punken kom vart han, i alle fall ei stund, rimeleg vidgjeten, og turnerte i Europa, Australia og USA. Alt frå 1960-åra vart han ein ivrig rusmisbrukar, og det er etter kvart det boka handlar om. 

Han skriv godt, han er morosam ("Over the years, I have often been compared to Bob Dylan: "Compared to Bob Dylan, you're not very good".), og han har mange gode anekdotar. Det tek likevel ikkje heilt av. Kanskje han burde ha kutta ein del sider, mest frå oppveksten, kanskje historiene hans rett og slett ikkje er gode nok. Det er ei ujamn bok, med både oppturar og nedturar for lesar og forfattar.

Guffen er lunken. 

19. oktober 2021

The Beatles: Get Back (2021)

Det er femti år sidan The Beatles vart oppløyst. Eg veit ikkje om det er den einaste grunnen, men det kjem ein del jubilerande saker og ting denne hausten. Det byrja litt forsiktig med ein lang artikkel i siste Mojo, det vert avslutta med ein filmtrilogi der Peter Jackson visstnok boltrar seg i tidlegare u-viste klipp frå filmen som vart Let It Be, og midt i mellom kom denne boka.

Kortversjonen er at The Beatles ville laga ein dokumentarfilm som viste korleis dei arbeidde i studio. Det heile skulle kulminera med ei plate, og ein konsert ein spektakulær stad - det var mellom anna snakk om eit stort amfiteater i Nord-Afrika. Entusiasmen var slettes ikkje like stor for den siste delen av prosjektet, Ringo Starr var til dømes aldeles uinteressert i å reisa ein stad der han ikkje fekk britisk mat.

I alle fall: Alt vart filma, og det er dialogane i desse filmane som ligg til grunn for denne boka. Med jamne mellomrom kjem det avsnitt som fortel kva songar dei spelar på osb., men stort sett er heile boka referat frå samtalar. Det kunne vore hyper-interessant, her er det ofte livlaust. Mange av samtalane handlar om heilt daglegdagse ting, og sjølv om desse dialogane er ukjende frå før, er det ikkje akkurat slik at dei kastar nytt lys over det som skjedde. Paul McCartney vil at bandet skal gjera alt mogeleg, og er den som snakkar mest. George Harrison er den minst engasjerte, er rimeleg lunken til heile prosjektet, og ved eitt høve sluttar han i bandet. John Lennon er med på ideane til McCartney, men viser ingen entusiasme. Det heile sluttar med den vidgjetne konserten på taket.

Av og til er det stas, som oftast er det litt sånn meh. Eg trur film-trilogien vert langt betre, der får me tonefall og andletsuttrykk og ikkje minst musikk på kjøpet.

Guffen er lunken. 

Meir The Beatles på kulturguffebloggen
A Hard Day's Night (film, 1964)
John Lennon: In His Own Write (1964)
John Lennon: A Spaniard in the Works (1965)
Magical Mystery Tour (film, 1967)
Yellow Submarine (film, 1968)
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Let It Be (film, 1970)
Williams/Marshall: The Man Who Gave The Beatles Away (1975)
Mark Shipper: Paperback Writer (1978)
The Rutles/All You need is Cash (film, 1978)
Brown og Gaines: The Love You Make (1983)
John Lennon: Skywriting by Word of Mouth (1986)
I
an MacDonald: Revolution in the Head (1994)
The Beatles Anthology (fjernsynsserie, 1995)
The Beatles: Anthology (2000)
Ringo Starr: Postcards from the Boys (2004)
Joshua M. Greene: Here Comes The Sun (biografi om George Harrison, 2006)
Howard Sounes: Fab. An intimate Life of Paul McCartney (2010)
George Harrison. Living in the material World (film, 2011)
Hunter Davies (red.): The John Lennon Letters (2012)
Good Ol' Freda (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del I (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del II (2013)
Tom Doyle: Man on the Run (2014)
Paul Du Noyer: Conversations with McCartney (2015)
Michael Seth Starr: Ringo. With a Little Help (2015)
The Beatles. Eight Days A Week (2016)
Sgt. Pepper's Musical Revolution (2017)
George Harrison: I Me Mine (2017)
Tony Barrell: The Beatles on the Roof
(2017)
Paul McCartney: The Lyrics (2021)
The Beatles. Get Back (fjernsynsserie, 2021)
McCartney 3, 2, 1 (2021)
Kozinn og Sinclair: The McCartney Legacy, Volume 1 (2022)
Kenneth Womack: Living the Beatles Legend. The Untold Story of Mal Evans (2023)

18. oktober 2021

Turning Point (2021)

 

Ein kort og grei dokumentarserie på Netflix. Undertittelen er 9/11 and the War on Terror, og det er akkurat det serien handlar om. Det opnar med eit tilbakeblikk på dei grufulle handlingane i USA 11. september, før det går over til å handla om den amerikanske krigføringa i Irak og i Afghanistan. Timinga er såleis perfekt; serien må ha vore ferdig om lag då dei siste amerikanske soldatane drog seg ut av Afghanistan.

Det er ein fin serie. I opninga ligg all sympati med USA, men serien viser greitt korleis dei greier å rota den sympatien vekk. Alt snakket om masseøydeleggingsvåpen, den brutale valden til dei amerikanske soldatane, Guantanamo, osb. Serien vert eigentleg tristare og tristare, og det gjer inntrykk når ein amerikansk soldat fortel om korleis det var tydeleg at ingen i USA brydde seg om kva dei dreiv med, og korleis dei sjølve ikkje var heilt sikre på kva målet med krigføringa var. 

Guffen tilrår.

17. oktober 2021

Johan Wolfgang von Goethe: Valskyldskapane (1809)

 

Endå ei bok frå Skald-serien med omsette klassikarar. Boka kom rett nok i hus for eit par år sidan, men det er like stas kvar gong ei ny bok i serien kjem. Av og til er det bøker av forfattarar eg har lese frå før, av og til er det forfattarar eg ikkje har lese noko av, av og til er det heilt nye namn. Eit glimrande tiltak, med andre ord.

Goethe er ein av dei eg ikkje har lese noko av frå før, og eg er litt usikker på om boka gav meirsmak. Heile boka gjorde det i alle fall ikkje, men tidvis var dette verdt bryet. Romanen handlar om ekteparet Eduard og Charlotte. Dei bur på eit rikt og stort gods. Dei får besøk - fyrst av ein som berre vert omtala som kapteinen, deretter at den noko yngre Ottilie. Gradvis vert dei to ektefellene opptekne av dei to gjestane, Eduard tenkjer berre på Ottilie, Charlotte er litt meir forsiktig i måten ho tenkjer på kapteinen. Det går mot eit brot, men så viser det seg at Charlotte er gravid (med Eduard). 

Han treng ein pause, reiser i krigen, men kjem attende for å finna ut av alt saman. Det spissar seg til mot slutten, med fleire vendingar som nærmast er melodramatiske. På omslaget står det at nokon har lese romanen som ein parodi på samtidslitteraturen. Eg kjenner altså ikkje til forfattarskapen til Goethe og veit lite om korleis han skreiv til vanleg, men mange av dialogane og nokre av hendingane fekk meg òg til å tenkja på at dette må vera meint parodisk.

Den fyrste halvdelen av boka er grei, og slutten er òg underhaldande. Men der kjem ein lang bolk rundt midten av boka som ikkje var vidare interessant.

Guffen er lunken. 

16. oktober 2021

Ragnar Hovland: Dr. Munks testamente (1996)

Denne romanen kan vel kallast ein oppfølgjar til Sveve over vatna. Hovudpersonane, forteljaren, Dr. Munk og Waglen, bur på ulike stader i landet, men kjem saman att av di Munk vil at dei skal putta bandet back together. Det går alle med på, forteljaren og Waglen seier mellombels farvel til familiane sine, og dei tre legg ut på turné. Etter fleire konsertar i Noreg går vegen til Tyskland, der Munk vil vitja den ukjende sonen sin. 

Det vert altså ein road-trip, slik det gjerne er i bøkene til Hovland, og denne road-trippen er uvanleg fornøyeleg. Hovland er i kjempeslag, og spesielt dei mange dialogane i boka held høg klasse. Det vert drukke mykje, dei har alle nærkontakt med damer dei møter, og det vert banna svært mykje. Det verkar nesten som det i kvar einaste samtale vert snakka om einkvan som vert omtala som anten "fitte" eller "helvet", eller vert omtala med adjektivet "jevvla". Det toppar seg i det korte kapitlet "Vi sit og bannar og steiker og ser tenksamt ut av vindauget".

Kapittel-titlane er forresten verdt ei bok i seg sjølv, smak til dømes på "Vi diskuterer på ein sakleg måte kven som er den mest geniale i det tjuande hundreåret" eller "Eit kapittel der eg oppsummerer litt, noko som vel kan trengast" eller "Vi rangerer folkeslag på ein oversiktleg måte".

Eg må ha lese denne boka før, og hadde ei kjensle av at det heile var ein bleik kopi av Sveve over vatna. Der tok eg grundig feil - boka er finfin.

Guffen tilrår. 

Meir Hovland på kulturguffebloggen
Alltid fleire dagar (1979)
Vegen smal og porten trong (1981)
Sveve over vatna (1982)
Under snøen (1983)
Bussen til Peking (1984)
Professor Moreaus løyndom (1985)
Utanfor sesongen (1988)
Sjølvmord i skilpaddekafeen (1989)
Mercedes (1989)
Love Me Tender (1989)
Konspirasjonar (1990)
Paradis (1991)
Gjest Bårdsen døyr åleine ved Nilens breidd (1991)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Over Bali og Hawaii (1992)
Eline og Julie tar ferja (1994)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Vegen til Navan (1995)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Waterloo (1997)
Halve sanninga (1997)
Åleine i Alpane (1999)
Psst! Kubanske notat (2000)
Ei vinterreise (2001)
Norske gleder (2002)
1964 (2006)
Fredlaus (2006)
Dr. Munks popleksikon (2008)
Kunsten å komme heim (2011)
Stille natt (2011)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)
Ragnar Hovland - 60 år i svevet (Bergen, 22.3.12)
Folgerø/Tokvam: Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012)
Frå Ragnar til alle (2013)
Om noko skulle skje (2016)
Litt betyr det no likevel (2019)

13. oktober 2021

William Gay: Time Done Been Won't Be No More (2009)

 

William Gay var ein stor forfattar. Denne boka er likevel heilt på det jamne, på alle måtar. Produksjonen er høgst middelmådig, med ein rar font, rare margar og rare topptekstar og sånn. Det er sjølvsagt ikkje det viktigaste med ei bok, men også formgjevinga tyder på at dette er ei halv-viktig bok. 

Her er samla nokre tekstar som ikkje er med i andre Gay-bøker. Fem artiklar om musikk, fire noveller, og tre sjølvbiografiske tekstane. Dei tre siste er finfine, halvparten av novellene er det same, medan artiklane om musikk er dei minst ujamne. Her vert han litt for ordrik. 

Dei sjølvbiografiske tekstane er vel helst eksemplariske. Han skriv litt om livet sitt, men skriv seg inn i litt andre ting. "Queen of the Haunted Dell" handlar til dømes om eit spøkelse eller ei heks eller noko liknande som skal ha skremt vitet av folk i Tennessee rundt 1820. Han snakkar med folk som kjenner huset og historia, og vitjar det sjølv. Her er han absolutt i slekt med Little Sister Death, ein av dei to posthume Gay-romanane som har kome ut.

Guffen er lunken. 

Meir Gay på kulturguffebloggen
The Long Home (1999)
Provinces of Night (2001)
I Hate to See that Evening Sun Go Down (2002)
Wittgenstein's Lolita (2006)
Twilight (2006)
Little Sister Death (2015)
The Lost Country (2018)