15. desember 2014

Den andre mannen i meg (2014)

Då me opna Ivar Aasen-tunet i 2000 var det eitt arrangement opningshelga eg verkeleg ville ha med meg: Det skulle vera førpremiere på dagbøkene til Olav H. Hauge, og det var ein glimrande time, der Henrik Mestad las utdrag frå bøkene. Han har arbeidd vidare med Hauge, for fire-fem år sidan framførte han eit liknande program under Poesifestivalen i Ulvik. Programmet denne filmen byrjar på trur eg er ein lett omarbeidd versjon av framsyninga i Ulvik. Han har framført det på teater og på radio, trur eg, og her er det filma. Det er ein fabelaktig film.

Mestad er den einaste personen som viser seg, og han er med i omtrent kvar scene. Det er kronologisk lagt opp, og Mestad tek oss gjennom sjukdom, fruktdyrking, dikting, kjærleik og død. Dagbøkene til Hauge er ei fantastisk kjelde, sjølvsagt, men Mestad har gjort eit svært godt utval av tekstar, og framfører dei godt. Innimellom kjem det dikt, også her har han gjort gode (om enn ikkje uventa) utval - både "Gullhanen" og "Det er den draumen" kjem, til dømes.

Guffen tilrår.

Meir Olav H. Hauge på kulturguffebloggen
Kjære Olav. Kjære Bodil (Ulvik, 18.4.2012)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar