Eg har likt Tintin lenge. Eg har dei fleste, om ikkje alle, teikneseriealbuma, og har òg nokre andre bøker om serien. Merkeleg nok fekk eg ikkje med meg denne filmen då han gjekk på kino i fjor, men eg har sett og sett ein del andre Tintin-filmar det siste halve året: Gledeleg nok har to av dei minste i huset vorte hekta på ei samling enkle og tradisjonelle teiknefilmar baserte på albuma.
Dette er noko heilt anna. Her er animasjonen glimrande, og filmen er i langt større grad retta mot eit litt eldre publikum. Filmskaparane, regissør Steven Spielberg og produsent Peter Jackson, har òg endra historia litt.
Filmen er basert på dei to albuma Enhjørningens hemmelighet og Rackham den rødes skatt. Hovudvekta ligg på det fyrste av desse. Det albumet sluttar med at Tintin og kaptein Haddock finn nokre koordinatar som viser kvar ei sjørøvarskute har gått ned, og det meste av det andre albumet handlar om korleis dei leitar etter dette vraket. I filmen hoppar dei over heile denne leitinga, her viser koordinatane til Møllenborg slott i nabolaget deira, der skatten ligg.
For meg er denne, og dei andre endringane, heilt greie. Dei gjer dette for å skapa ein meir visuell og spanande film. Kapteinen på Enhjørningen er ein av forfedrane til Haddock. I filmen er kapteinen på skipet han slåst med ein av forfedrane til Sakharin, som òg prøver å få fatt i lappane med koordinatar på. Sakharin vil òg ta hemn for måten slekta hans vart vanæra på Enhjørningen for nokre hundreår sidan, slik at innbakt i forteljinga får me òg eit nytt motiv. Oppgjeret mellom Haddock og Sakharin vert ein moderne fektekamp, der dei sit i kvar sin store heisekran og fektar med heisekranarmen.
Guffen tilrår.
Meir Tintin på kulturguffebloggen
Pierre Assouline: Herge. The Man who Created Tintin (2009)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar