"Beyond the life-saving lessons that the episodes in this book may teach us, most of its stories of Grand Canyon death and disaster are amazing, a few are truly unbelievable, some are absurd, and yet others heroic. We hope you find them fascinating as well as illuminating. But be warned: the amount of astonishing history in this book may keep you up past your bedtime."
Det er ikkje så uvanleg at forfattarar vurderer sine eigne bøker som så gode og viktige at lesarane truleg ikkje greier å leggja dei frå seg. Det er litt mindre vanleg at dei faktisk skriv dette i føreordet til boka. Og det er endå mindre vanleg at det faktisk er sant. I dette tilfellet stemmer det.
Ghigliere og Myers har lang røynsle med Grand Canyon. Dei har vore innom store delar av dette enorme og til dels vanskeleg tilgjengelege området, og Myers har òg budd og arbeidd i Grand Canyon Village, som ligg ved den sørlege kanten av canyonen. Dei kjenner dalen godt, men det er ikkje den viktigaste grunnen til at denne boka er så bra. Langt viktigare er det at dei kan skriva, og byggjer opp dramaet i teksten på ein finfin måte.
For her er mykje drama. I alt har nesten 600 personar mist livet i eller ved Grand Canyon, og, slik dei sjølve skriv, her er mange utrulege historier. Så lenge mange av historiene endar med eitt eller fleire dødsfall er det sjølvsagt trist av og til, men like ofte er det noko å le av. Fleire gonger tenkte eg "går dette verkeleg an"? Eitt slikt døme er han som, på jakt etter eit godt fotomotiv, fall utfor den sørlege kanten - han stod med ryggen til canyonen, og ville ta bilete av eitt av husa i Grand Canyon Village. Eitt anna døme er han guten som overnatta nede ved Colorado-elva, og som ein av dei vaksne vaktene ikkje fann då han gjekk ein runde om natta. Det vart etter kvart klart at han hadde drukna i elva, men kvifor og korleis vart ikkje klart før det kom for ein dag at han ofte gjekk i søvne.
Det er òg utruleg å lesa om militærflyet som får motorstopp på ein nattleg flytur, og der tre av dei fem ombord kastar seg ut i fallskjerm. Flyet får motoren i gang igjen, medan dei tre siglar sakte nedover mot landjorda - ein av dei meinte at fallskjermturen hans varde i fjorten minutt. Dei såg lys frå byar i det fjerne, før alt vart myrkt, og dei skjøna at dei var på veg ned i Grand Canyon. Alle overlevde. Og det er vanskeleg å unngå å le når ein les om ho sjølvmordaren som hadde sett Thelma og Lousie meir enn femti gonger, og som ville kopiera sjølvmordet deira. Diverre køyrde ho seg fast like ved kanten. Ho gjekk ut av bilen, sprang mot kanten, og hoppa utfor. Ho landa på ei hylle seks-sju meter lengre nede. Tredje gongen gjekk det betre (evt. verre) - ho reiste seg, og stabba utfor kanten på hylla.
Dødsfalla er sortert inn i bolkar, og den lengste delen, den om alle som har drukna i elva, vart litt for repeterande. Her vart det for likt, og her burde dei ha kutta ned på dei mange historiene, som altså vert for like. Sjølv om dette er den lengste delen, er det ikkje drukning som er den vanlegaste dødsårsaka i Grand Canyon. Andre vanlege dødsårsaker er å falla frå kanten, eller dø av heiteslag, eller verta teken av ei flaumstor elv (som kan koma svært brått), men heller ikkje desse når heilt til topps. Den vanlegaste dødsårsaka i Grand Canyon er flyulukker. Fleire personar har mist livet i slike ulukker enn alle som har drukna, falle, ikkje takla varmen, eller vorte tekne av flaum - til saman. Ein grunn er at lufta over Grand Canyon er full av turbulens, ein annan er at i 1956 kolliderte to passasjerfly over Grand Canyon. Alle dei 128 ombord miste livet.
Guffen tilrår.
Relatert på kulturguffebloggen
John Wesley Powell: The Exploration of the Colorado River and its Canyons (1895)
Michael Ghiglieri og Charles Farabee: Off the Wall. Death in Yosemite (2007)
10. september 2011
Michael P. Ghiglieri og Thomas M. Myers: Over the Edge: Death in Grand Canyon (2001)
Etikettar:
Ghiglieri,
litteratur,
USA
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar