Viser innlegg med etiketten Loewen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Loewen. Vis alle innlegg

28. juni 2017

James W. Loewen: Lies My Teacher Told Me About Christopher Columbus (2014)

James Loewen har skrive fleire bøker av denne typen. Ei bok om løgner han finn i skulebøker, ei bok om løgner han finn på monument over heile Amerika. Denne er den minst omfangsrike, men poenget hans er likevel det same: Kvifor fortel ikkje lærebøker sanninga?

Det er ikkje bombe at det er slik. Sjølvsagt er lærebøkene prega av forfattarane som skriv dei, og sjølvsagt kan ikkje forfattarane som skriv lærebøker i amerikansk historie ha like stor innsikt i alt som har skjedd. Likevel er det all grunn til å dela uroa til Loewen. Mønsteret er at lærebøkene fortel historia frå dei kvite sin synsstad. I dette tilfellet, altså Christopher Columbus, fører det til at myter erstattar fakta, og at dei mindre gode sidene til Columbus og mennene hans vert ignorerte.

Skal Columbus vera ein helt, må òg lærebøkene kutta ut mange av følgjene av det auka samkvemet mellom Europa og Amerika. Sjukdomar, slavehandel, folkemord, osb - det passar ikkje inn, og vert difor ignorert. Det er kanskje dette som uroar Loewen mest. Kvifor godtek lærarar det? Kvifor krev dei ikkje betre lærebøker?

Denne boka er skriven for lærarar. Spreidd utover teksten kjem det spørsmål til debatt, som lærarar gjerne kan bruka i timane sine. Men spørsmåla kan òg drøftast av lærarar, og det er der det tynne håpet ligg: At bøker som denne gjer at undervisinga vert betre.

Guffen tilrår.

Meir Loewen på kulturguffebloggen
Lies Across America (1999)
Sundown Towns (2005)
Lies my Teacher told Me (2007)

11. april 2010

James W. Loewen: Sundown Towns (2005)

Ei einaste gong har det vore sleppt sprengstoff frå fly mot mål på det amerikanske kontinentet. Det var i 1921, då kvitingar gjekk til angrep på dei svarte bydelane i Tulsa, Oklahoma, og sleppte dynamitt ned frå fly. Kvifor? Dei ville ha ein by der berre kvite kunne bu. Det gjekk ikkje, Tulsa var ein altfor stor by.

Andre stader fekk dei det til. Byar vart reinsa for negrar, og det vart oftast sett opp skilt ved vegar som førte inn til byen. Desse skilta åtvara negrar - kom dei inn i byen, måtte dei vera ute igjen ved solnedgang. Desse skilta gav namn til slike byar, som vart kalla Sundown Towns. Denne boka er den fyrste omfattande studien av slike byar.

Den amerikanske borgarkrigen, 1861-65, braut ut grunna usemje om retten til å ha slavar. Nordstatane vann, og i tida fram til 1890 kunne negrar busetja seg omtrent kvar dei ville. I dei femti åra fram til andre verdskrigen, derimot, var negrar omtrent fritt vilt. Dei vart jaga ut av mange byar, over store delar av USA.

Færrast Sundown-byar var det i Sørstatane. Loewen har ikkje undersøkt alle byar overalt. Han bruker folketeljingar som hovudkjelde, og det seier seg sjølv at det ville vore for tidkrevjande å gå gjennom folketeljingane for alle byar i USA. Dette er likevel ikkje nok, det kan vera andre grunnar enn rasisme til at det berre bur kvitingar i ein by.

Måtane byane vart reinska på var forferdelege. Ein vanleg modell var at ein neger vart skulda for eit brotsverk, gjerne ein valdtekt. Gjerningsmannen sjølv vart lynsja, ofte saman med andre negrar, og alle andre vart drivne ut av byen. Det var ikkje uvanleg at dei måtte ut på timen, men det hende òg at dei fekk nokre dagars varsel.

Ein av byane Loewen stadig kjem attende til, er Anna, Illinois. Måten dei vart Sundown på er typisk. I 1909 vart Anna Pelley, ei 24 år gamal kvit kvinne, drepen i Cairo, ein by 45 km sør for Anna. Politiet fanga ein neger, som fekk status som mistenkt, basert på at ein blodhund sniffa seg fram til huset hans. Ei folkemengd samla seg utanfor fengselet, og kravde å få den mistenkte utlevert. Politiet nekta, dei sa at det langt frå var sikkert at han var skuldig. Stemninga i byen vart verande dårleg, og nokre dagar seinare tok politiet han med seg på eit tog nordover i Illinois, der stemninga var betre. Problemet var at toget gjekk gjennom Anna, der lynsjestemninga var endå verre. Dei gjekk difor av toget langt utanfor Anna, og det oppstod ein absurd situasjon: To politimenn og ein mistenkt kar lurte seg fram gjennom skogen, redde for ei folkemengd som ville lynsja ein mann som godt kan ha vore uskuldig. Det gjekk som det måtte gå - negeren vart funnen, og ført attende til Cairo. Der hengde dei han, før tilskodarane skaut rundt 500 kuler inn i liket. Det vart deretter drege gjennom gatene til staden der Pelley vart drepen. Der vart liket brunne opp. Same kveld vart alle negrar drive ut av Anna. Der er framleis eit monument i Anna til minne om Pelley. Då Loewen vitja Anna i arbeidet med boka, fekk han stadfesta at folk i området trur at Anna står for "Ain't No Niggers Allowed".

Med unntak av pasientar på eit psykiatrisk sjukehus bur det framleis ingen negrar i Anna. Det var det som overraska meg mest med boka - der finst framleis hundrevis, kanskje tusenvis, av Sundown-byar. Dei fleste av desse er småe, slik dømet med Tulsa viste, er det vanskeleg å reinska større byar. Der løyste dei det annleis - i nokre bydelar var det berre kvitingar som fekk kjøpa hus. Der gater går direkte frå ein Sundown-bydel til ein bydel for svarte, kan det gjerne vera sperringar tvers over vegen.

Korleis fekk negrar vita at dei ikkje burde besøka ein by? Det stod altså skilt ved vegar inn til byen, slike skilt kan ha stått såpass nyleg som i 1990-åra. Tekstane kunne variera, ein mykje brukt variant var "Nigger: Read and run. If you can't read, run anyway". For dei som ikkje kunne lesa var det vanleg å måla eit svart esel ved vegane; Loewen veit om to slike som framleis finst. Nokre stader var det ei sirene som signaliserte at negrar måtte koma seg ut. I Villa Grove, Illinois, vart denne sirena fjerna i 1999, og grunnen var slett ikkje at det var ein ufin skikk. Kvitingane i nabolaget klaga på den høge lyden.

Det er ei grundig bok, som drøftar emnet frå alle moglege vinklar. Han skriv mellom anna om korleis kvitingar som veks opp i Sundown-byar sjølvsagt vert påverka av at der berre er kvitingar i byen. Dei vert redde for alle andre. Ein av dei tinga som ikkje overraskar i boka, er at både George W. Bush og Dick Cheney gjekk på ein Sundown-highschool. Eller at Bush no er busett i ein Sundown-by.

Det er ei tung bok å koma gjennom. Ikkje berre av di ho er tjukk, og skriven i eit tidvis litt for akademisk språk, men av di det er ei bok som gjer meg forbanna og trist. Eg måtte bryta opp lesinga med bøker som var litt lettare (på alle måtar). Eg undra meg òg over kvifor eg ikkje har høyrt om dette før? Områda med flest Sundown-byar i dag er i Midtvesten og i det nord-austlege USA, og dette er område eg har vore mykje i. Fleire av byane som er omtalte i boka har eg vore i; eg kjenner folk som bur i andre. Likevel har dette aldri vore nemnt.

Guffen tilrår.

Meir Loewen på kulturguffebloggen
Lies Across America (1999)
Lies my Teacher told Me (2007)
Lies My Teacher Told Me About Christopher Columbus (2014)

19. februar 2010

James Loewen: Lies Across America (1999)

I Almo, Idaho, står det eit minnesmerke med denne teksten: "Dedicated to the memory of those who lost their lives in a horrible Indian massacre, 1861. Three hundred immigrants west bound. Only five escaped." Minnesmerket vart sett opp i 1938, og fortel om den enkeltepisoden der flest kvitingar vart drepne av indianar. Der er berre eit ørlite problem - det var aldri nokon slik massakre.

Loewen gav i 1995 ut boka Lies My Teacher Told Me, og denne boka kom fire år seinare. Her fortel han om 95 av dei mange minnesmerka i USA, og korleis dei ikkje fortel heile sanninga. Av og til kan det vera språkbruken som er kritikkverdig, det kan vera minnesmerke som er sett opp for å heidra folk som ikkje treng heider, og, slik dømet over viser, det kan vera reine fantasiar.

Det er ei litt trist bok, sjølv om det han viser ikkje er så overraskande. Det er òg ei underhaldande bok. I Kentucky kan ein framleis vitja det vesle huset Abraham Lincoln skal ha vore fødd i. I 1895, tretti år etter at Lincoln vart drepen, fekk eigedomen han voks opp på nye eigarar. Dei såg eit visst potensiale her, kjøpte eit gamalt hus på nabogarden, sette det opp på eigedomen sin, og marknadsførte det som huset der Lincoln var fødd. Det tok ikkje heilt av. Dei viste fram huset på ei utstilling i Nashville, Tennesee, og der hadde dei like godt kjøpt eit anna gamalt hus, som dei meinte var fødestaden til ein annan død president, Jefferson Davis. Det vart etter kvart større interesse for å vitja huset, som vart flytta tilbake til Lincoln-garden, og for å verna det vart det bygt eit vernande hus rundt det. Det vart litt trongt for publikum i dette nye huset, så det var ikkje anna å gjera enn å endra storleiken. På det utstilte huset, ikkje på det vernande nybygget.

Loewen har ikkje sett alle monumenta i USA. Nokre statar har gjeve ut bøker med teksten frå alle monumenta i deira stat, men det er uråd for éin person å vurdera alt dette. Han skriv at han hadde planar om å gjera det, heilt til han såg eit oversyn over kor mange monument og markørar det var i Texas. Der er 12 000 slike monument - nær helvta av alle i USA. Viss han las ein monument-tekst i minuttet ville han bruka 200 timar berre på lesinga.

Monumenthysteriet i Texas har forresten ført til at nokre luringar tener pengar på ein grei måte. To ulike selskap sel køddeskilt, som liknar på dei offisielle. Loewen har eit par døme på slike tekstar. "On March 2, 1836, Texas declared her independence from Mexico, while the Comanches roamed the Prairie, Rangers protected frontier settlements, and this building was not here yet." Eller "On April 21, 1836, Texas troops under Sam Houston won independence, as they shouted out, 'Remember the Alamo', When we tried that here, the neighbors complained about the noise."

Det viktigaste denne boka viser at ein bør lesa teksten på monument med ein viss skepsis. Kven har skrive teksten, og kva historie vil dei fortelja? Kva har dei teke med, og kva har dei ikkje teke med? I tilfellet USA må ein òg spørja seg korleis indianarar eller slavar ville ha skrive teksten. Loewen skriv til dømes om fleire monument der ordet "settlers" tyder kvitingar; at mange indianarar var rimeleg bufaste vert ignorert.

Ein vert altså lurt når ein ser historiske minnesmerke. Likevel er det vanskeleg å endra dei. Dei som bur i Almo vil ikkje at monumentet over dei 295 som vart drepne av indianarar skal fjernast, sidan dei meiner at hendinga faktisk fann stad, trass i at der ikkje finst noko prov for det.

Guffen tilrår.

Meir Loewen på kulturguffebloggen
Sundown Towns (2005)
Lies my Teacher told Me (2007)
Lies My Teacher Told Me About Christopher Columbus (2014)

16. november 2009

James Loewen: Lies my Teacher told me (2007)

Korleis får du høyra om dei bøkene du les? For mange år sidan las eg eit intervju med Howard Zinn, som mellom anna har skrive den glimrande A People's History of the United States, ei historiebok der folk flest, og ikkje kongar og knektar, står sentralt. I intervjuet vart han beden om å tilrå fem bøker. Eg hugsar ikkje kva dei fire andre bøkene var, men eg hugsar denne eine boka. Kanskje det kom av at tittelen er god, kanskje det var heilt andre grunnar.

Tidlegare i år las eg ein teikneserie basert på boka til Zinn, og neste gong eg tok ein runde innom Amazon, kom eg til å tenkja på boka til Loewen.

Boka var vel verdt ventetida. Dette er ei utvida utgåve av boka, som fyrste gong kom i 1995. I denne nye versjonen har han gått gjennom atten lærebøker i historie, seks fleire enn i 1995. Alle desse vert brukte i amerikanske highschoolar.

Han påviser mange feil og feige utvegar. Kortversjonen er at alle historiebøkene er skrivne ut frå eit anglo-amerikansk perspektiv, eit kvitt perspektiv, der alle med andre hudfargar eller andre meiningar ikkje får rare plassen. Eit døme kan vera at lærebøkene skapar inntrykk av at etter borgarkrigen, der slavemotstandarane i nord vann, var det omtrent slutt på rasediskrimineringa i USA. Loewen viser at slik var det slett ikkje, det tok seg heller opp fram mot hundreårsskiftet, og sjølv om tilhøva har betra seg dei siste åra, er det framleis langt frå godt nok.

Loewen stiller spørsmål med kvifor ein underviser historie på denne måten, altså kvifor ein utelet mykje som er relevant, slik at elevane ikkje får eit korrekt bilete. Det handlar sjølvsagt mykje om kven som vel ut kva bøker som skal brukast, og at forlaga ikkje vågar å provosera dei. Då kan resultatet verta at dei ikkje får selt bøkene sine, og det ville jo vera dumt.

Eit like relevant spørsmål kan vera kvifor ein underviser i historie. Sett ut frå det Loewen skriv om bøkene, som kan ha titlar som Land of Promise, eller Life and Liberty, eller Triumph of the American Nation, handlar det heile om å tilpassa elevane til den rådande oppfatninga av kva Amerika er, og kva det vil seia å vera amerikanar. Ved å utelata mykje, og ved å fortelja halve sanningar, byggjer ein opp under biletet av USA som eit førebilete for heile verda.

Det er ei god bok, og ei viktig bok, sjølv om det vart litt langdrygt for meg. Det kom seg likevel mot slutten, i dei to-tre siste kapitla stiller han gode spørsmål om kvifor ting er som dei er.

Guffen tilrår.

Meir Loewen på kulturguffebloggen
Lies Across America (1999)
Sundown Towns (2005)
Lies My Teacher Told Me About Christopher Columbus (2014)