26. august 2016

Olav Midttun: Mål og menn (1968)

Olav Midttun var ein viktig mann på fleire område. Frå midt i 1930-åra veksla han mellom å vera riksprogramsjef i NRK og professor i nynorsk dikting og målføre i Oslo. Samstundes med dette var han redaktør i Syn og Segn - det tok han til med alt 25 år gamal i 1908, og takka ikkje av før 52 år seinare. Målsak og norskdom var den store interessa hans, og han var leiar i Noregs Mållag i fem år, i Noregs Ungdomslag i elleve år, og han var knytt til både Norsk ordbok (som medlem av tilsynsnemnda) og Det Norske Teatret (som målkonsulent).

Boka kom fyrste gong ut i 1953, som eit festskrift til Midttun på 70-årsdagen hans. Denne utgåva er lett utvida, og har ein dekkande tittel. Etter nokre litt meir generelle artiklar, om språk, om kulturarv, og om skular og folkehøgskular, kjem det flotte artiklar om meir eller mindre sentrale målmenn. Nokre av artiklar handlar om tida før Midttun vart sentral i målrørsla, men dei fleste handlar om personar han har møtt og kjent.

Det er forvitneleg lesnad. Av og til vert det litt i meste laget med ros, noko som truleg skuldast at mange av artiklane er skrivne som minneartiklar i Syn og Segn, eller framførte som minneord i gravferder eller avdukingar av minnesmerke. Kor som er - artiklane er proppfulle av god informasjon, slik at også slike som meg, som har ei viss innsikt i den nynorske kulturhistoria, finn mykje nytt å gleda seg over.

Guffen tilrår.

Meir Midttun på kulturguffebloggen
A. O. Vinje (1960)
Rasmus Løland (1961)
Livsminne (1971)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar