3. august 2016

Terje Thronæs: Helge Væringsaasen - østerdalsbonde og verdensborger (2007)

Helge Væringsaasen var ein spanande kar. Han levde frå 1836 til 1917, altså i ei tid med store endringar nasjonalt. Han var ein av dei som ville påverka desse endringane, og det gjorde han til gagns. Han var så velståande at han kunne støtta mange prosjekt, han kunne hjelpa kunstnarar, han kunne ta vare på den handfaste kulturarven, og han fekk etter kvart ei rolle som gjorde at han vart spurd om råd. Og råda hans vart høyrde.

Han sat med ei enorm boksamling (rundt 60 000 bøker), og samla òg inn gjenstandar til eit museum. På begge desse områda var kvalitet minst like viktig som kvalitet. Han støtta mange nynorsktiltak. Noko av det siste han gjorde før han døydde var å oppretta eit fond på ein million kroner - dette fondet skulle brukast til å laga ein folkehøgskule på heimstaden hans, Elverum. Han var sjølv elev det fyrste året på den fyrste folkehøgskulen i Noreg, Sagatun, og han var sterkt prega av ideane til Grundtvig resten av livet.

Så han var ein spanande kar. Han hadde fortent ein langt betre biografi enn denne. Stoffet er rotete, her er ekstremt mange detaljar å irritera seg over, som til dømes at det ofte vert sagt at ein kan lesa meir om dette i kapittel 3. Kapitla i boka er unummererte. Mange hendingar vert det fortalt om fleire stader. Korrekturen er dårleg. Det er altfor ordrikt og omfattande - også ein biograf må greia å leggja vekk mykje av stoffet han har samla inn. Her verkar det som om alt er kome med, og då vert det keisam lesing. Diverre.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar