12. september 2012

Sigmund Falch: Ingen fridde i Jølster (2012)

For eit par år sidan kjøpte eg med meg den fyrste boka i denne serien, Ho peika på Ceylon og viste ein pupp, på billegsal i ein bokhandel i Bergen. Eg las boka på toget heim - det gjekk ganske raskt, det kan godt henda at eg var ferdig før eg kom til Arna. Eg likte boka godt, og skreiv ein kort omtale. Overraskande nok er det ein av dei ti-tolv mest lesne omtalane på bloggen så langt.

I går fekk eg denne boka frå leiaren i museumsstyret, som ei velkomsthelsing. Heller bøker enn blomar, sjølvsagt. Rett etter møtet tok eg toget til Bergen, og denne gongen var eg i alle fall ferdig med lesinga lenge før eg kom til Arna.

Boka er bygd opp på same måte som den fyrste. Bilete frå gamle dagar, henta frå fotosamlingane til Norsk folkemuseum, vert trykte saman med ein kort og oftast morosam tekst. Det er altså ikkje den mest originale ideen, men Falch kjem godt frå oppgåva. Det gjeld om å velja ut gode bilete, og det gjeld å sjå den detaljen i biletet som er eit godt utgangspunkt for ein god replikk. Det greier Falch godt, slik at det vert mykje smiling og ein del humring. Ein sjeldan gong får han til og med inn ein fulltreffar som resulterer i latter.

Guffen tilrår.

Meir Falch på kulturguffebloggen:
Ho peika på Ceylon og viste ein pupp (2008)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar