9. september 2012

Junot Diaz: The Brief Wondrous life of Oscar Wao (2007)

Oscar Wao passar ikkje heilt inn. Han er dominikansk-amerikanar, busett i New Jersey. Han har ingen nære vener, han er litt for tjukk, og - verst av alt - han får ikkje napp hjå jentene. Denne romanen fortel om oppveksten hans, om studietida hans, og om dei to skjebnesvangre turane han tok til Den Dominikanske Republikk.

Eller - hadde det berre vore så vel. Når romanen handlar om Oscar, er han glimrande. Også dei delane som handlar om systera hans, Lola, er gode. Det er når romanen fortel om oppveksten til mora og bestemora i Den Dominikanske Republikk at nivået søkk. Her gjev Diaz oss like mykje ei skildring av korleis livet var der under diktatoren Trujillo, og her vert det for mykje historieskriving og for lite roman for meg. Akkurat desse delane var seige å koma gjennom.

Men slik var det ikkje då eg las om Oscar. Romanen vert fortalt av Yunior, som budde saman med oscar på college, og som òg ei tid budde saman med Lola. Når det handlar om livet i USA, er språket godt, og teksten er morosam. Oscar trur fleire gonger at han er ved eit vendepunkt, men slik går det ikkje før han vert kjend med ei langt eldre prostituert kvinne på ein ferietur til heimlandet til mora. Det var ikkje så lurt; ho hadde òg eit forhold til ein leiande politimann, og han tok det ikkje akkurat greitt. Men Oscar fekk i alle fall prøvd det han hadde lengta etter.

Guffen er lunken.

Meir Diaz på kulturguffebloggen:
Drown (1996) 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar