21. september 2012

125: 125. Ei lita jubileumsgåve frå Det Norske Samlaget (1993)

Det er ikkje den mest krevjande boka, dette, men ei grei bok å lesa likevel. Det Norske Samlaget runda 125 år i 1993. 25 år tidlegare gav dei ut ei grundig forlagssoge; dette litt mindre runde jubileet vart markert med ei bok der 125 personar skreiv kort om 125 bøker Samlaget hadde gjeve ut. Skal ein vera litt pirkete, burde dei ha teke ei bok frå kvart av dei 125 åra, men slik er det ikkje. Og det gjer eigentleg ikkje så mykje.

Det er ei fin bok, som fyrst og fremst viser mangfaldet i utgjevingane til Samlaget, og som får godt fram korleis Samlaget har utvikla seg. Dei fyrste fire-fem tiåra var det eit forlag som famla seg fram - innimellom verk som førte det nynorske språket inn på ulike område, og som framleis vert omtala med klump i halsen, kom der bøker som ikkje hadde spesielt lang levetid. Så kom det ei tid der ein utvida horisonten radikalt, og gav ut ei rekkje storverk frå verdslitteraturen. I etterkrigstida har det vore ei auka satsing på lærebøker, og ikkje minst på skjønnlitteratur, der mange nye og viktige forfattarar har gjeve ut bøker på Samlaget.

Alt var ikkje betre før. Med meg er det likevel ofte slik når eg les historiske oversyn over den nynorske historia, at eg finn det mest interessant å lesa om pionerane. Slik er det her òg. Bokomtalane, som sjeldan er lengre enn ei side, handlar ofte like mykje om forfattarane som om bøkene. Når Magne Skodvin skriv om Norigs soga av Steinar Schjøtt, til dømes, skriv han ikkje noko om kva boka handlar om før i den aller siste setninga. Resten handlar om at boka vart ein suksess, og om Schjøtt. Andre personar, som er nesten like gløymde som Schjøtt, får òg ein omtale som gjer at ein gjerne vil vita meir - Embrik Strand voks opp i Ål, vart professor i Riga, og til 60-årsdagen i 1936 fekk han eit festskrift på 3500 sider, der forfattarar frå 25 land hadde skrive tekstar. Strand er nemnt her av di han i 1901 gav ut boka Norske fuglar.

Å skriva slike korte bokomtalar er ein krevjande sport. Nokre greier det dårleg, dei fleste greier det godt. Ein av dei beste er Stephen Walton, som på tre korte avsnitt får sagt det meste om Heimsyn, ei bok sjølvaste Ivar Aasen gav ut i 1875.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar