13. mai 2015

Harald Fossberg: Nyanser av svart (2015)

I 1990-åra var eg fast lesar av det engelske musikkmagasinet Q. I ein kort artikkel om black metal, som truleg stod på trykk rett etter at Greven vart mordar, skreiv dei noko slikt som at heile musikkverda såg på black metal som ein vits, men nokre nordmenn skjønte ikkje vitsen og tok musikksjangeren på alvor.

Boka til Fossberg tek òg sjangeren på alvor, og han får godt fram at dette ikkje er ein vits. Sjølvsagt går det an å smila av dette jaget etter å vera ved vondaste, eller all liksminkinga, eller alle dei rare pseudonyma, men det går òg an å ikkje bry seg så mykje om akkurat det, og heller konsentrera seg om musikken. Det er det Fossberg gjer, og han dvelar ikkje spesielt lenge ved dei ekstreme handlingane (og haldningane) til Greven.

Boka er lagt opp som ein artikkelserie, der Fossberg skriv om nokre utvalde band, og om nokre utvalde personar. Han ser nokre fellestrekk - svært mange av musikarane vaks opp på landsbygda, omtrent alle passa ikkje inn, dei aller fleste er svært gode musikarar, og overraskande nok vart mange av dei kjende med Kiss etter å ha funne bilete av dei i godteposar. Det er ei underhaldande og grei bok, sjølv om ho ber litt for mykje preg av å vera skriven for dei som alt kjenner banda det er snakk om. Eg gjer ikkje det, og saknar gjerne litt meir om sjølve musikken.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar