4. mai 2015

Howard Zinn, Mike Konopacki, Paul Buhle: A People's History of American Empire (2008)

Eg ser (framleis) altfor lite fjernsyn. Desse timelange foredraga til Frank Aarebrot har eg berre sett nokre få minutt av, sjølv om eg er sikker på at eg hadde hatt godt av å sjå meir. Denne teikneserien er lagt opp på om lag same vis. Howard Zinn, ein amerikansk historieprofessor, fortel om den amerikanske utanrikspolitikken frå 1890 og framover.

Zinn er ingen kvensomhelst. I 1980 gav han ut den aldeles glimrande boka A People's History of the United States, der han fortel den amerikanske historia frå 1492, sett frå dei undertrykte sin synsstad. I denne serien handlar det mest om utanrikspolitikk, og han får godt fram korleis president etter president invaderer andre land, for å gjera sitt eige land rikare. Nokre gjer det ope, andre langt meir skjult.

Det er heller trist lesnad, sjølvsagt, og det er lett å verta nedtrykt etter ei slik bok. Rett nok sluttar boka med at Zinn tek nokre spørsmål frå salen, mellom anna eitt om der finst håp, og Zinn er optimistisk: Det er initiativ frå grasrota som har endra viktige borgarrettslover i USA før; det kan skje igjen. Seier han. Optimistisk.

Guffen tilrår.

Meir Zinn på kulturguffebloggen
You Can't Be Neutral on a Moving Train (2002)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar