16. mai 2015

Brad Dukes: Reflections. An Oral History of Twin Peaks (2014)

Twin Peaks igjen. Eg såg serien om igjen (om igjen) for litt sidan, og var ikkje komen langt før eg kjøpte denne. Så vart serien dårlegare og dårlegare, langt dårlegare enn eg hugsa han, og entusiasmen for denne boka var ikkje altfor stor.

Og det fortener ho truleg heller ikkje. Dukes har intervjua svært mange av dei som laga serien - nokre skodespelarar manglar, det same gjer David Lynch. Han får mykje ut av dei, men det er òg mykje svada. Det var ei eiga stemning på settet. David Lynch er genial. Me laga fjernsynshistorie. Osb. Ordet "fun" går igjen og igjen.

Boka er meir interessant når det handlar om Twin Peaks som fenomen. Serien vart hausa opp før premieren, og tok verkeleg fjernsynsverda med storm. Alle i serien vart (og vert) prega av det; rutinerte skodespelarar vart brått meir kjende for rolla si i Twin Peaks enn for andre roller dei har gjort. Serien vart merkbart dårlegare etter at David Lynch trekte seg ut, og etter at også Mark Frost vart meir perifer, og ABC kansellerte serien midt i sesong to. Ein folkeaksjon overtydde dei om at det kunne lagast nokre fleire episodar, men mange vart det ikkje.

For dei som framleis set denne serien høgare enn alt anna må dette vera ei interessant bok. For oss andre er boka om lag som serien - ho slit med å halda eit høgt nivå heile vegen.

Guffen er lunken.

Meir Lynch på kulturguffebloggen
Blue Velvet (1986)
Wild at Heart (1990)
Twin Peaks, fyrste episode (1990)
Twin Peaks (1990-91)
Lost Highway (1997)
The Straight Story (1999)
Mulholland Drive (2001)
Inland Empire (2006)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar