Viser innlegg med etiketten Italia. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Italia. Vis alle innlegg

9. mars 2025

Mary Beard: SPQR (2015)

Eg var nett i Roma med Ivar (17). Turen var planlagt for eit halvt år sidan, så han gav meg like godt denne boka til jol. Boka er fin, det er ein detaljert og grundig gjennomgang av om lag tusen år Roma-historie. 

Alt flyt rett nok ikkje like godt. I den tidlegaste delen av perioden ho skriv om, nokre hundreår før tidsrekninga vår byrjar, er sjølvsagt kjeldene noko meir sporadiske og usikre. Her vert det litt for mange drøftingar om dei ulike kjeldene. Det kan godt henda at det høyrer med, men det burde nok vore korta litt ned. Den norske omsetjinga er heller ikkje tipp topp.

Når det er sagt, så er boka grundig og kunnskapsrik. Beard fortel om politikk og styre i Roma (og i Romarriket), ho fortel om korleis dei sosiale laga i byen var, ho fortel (sjølvsagt) om kampane i Colosseum, og så bortetter. Det er tydeleg at det var ei valdeleg tid. Beard skildrar ikkje dei mange slaga i detalj, men ho nemner rett som det er tapstala, og dei er jamt over usannsynleg store. 

Guffen tilrår.    


26. februar 2025

Keith Hopkins og Mary Beard: The Colosseum (2005)

Eg var nett ein snartur i Roma, saman med Ivar (nesten 18). Me var sjølvsagt innom på Colosseum, og i reisebiblioteket hadde me med denne boka, som eg kjøpte då me var der for 17 år sidan. Eg las truleg boka då, men ho toler absolutt å verta lesen igjen.

Det er ei relativt kort bok, utgjeven i ein serie kalla Wonders of the World. Boka fortel heile historia til Colosseum, og forfattarane tek samstundes livet av ein del myter og rare oppfatningar. Dei skriv om korleis arenaen vart brukt, korleis han kan ha vorte bygd, om dei mange som miste livet der, om folk som arbeidde der og budde der, om korleis bygget vart brukt til noko heilt anna, og om korleis de vart eit fornminne og ein turistattraksjon. 

Det er som regel underhaldande, og det er heile tida interessant og opplysande. Dei viser korleis me eigentleg veit rimeleg lite om Colosseum, og korleis me framleis er farga av dei fyrste (fantasifulle) måleria og forteljingane. 

Bokserien ser ut til å handla dels om bygningar rundt Middelhavet, dels om bygningar i Storbritannia. Eg kjem nok til å halda augene opne for å sjå etter fleire bøker i serien.

Guffen tilrår. 
  

1. mai 2023

Il Posto (1961)

Dette var uventa, på minst to måtar. Me skrolla nedover Netflix for å sjå etter noko interessant, og innimellom alt skvipet dukka det opp ein seksti år gamal italiensk film. Det var gledeleg nok i seg sjølv, men like uventa var det at filmen var finfin.

Historia er kort og grei. Domenico bur heime hjå foreldra sine, og er på leit etter ein jobb. Han er kalla inn til intervju og testing, og gjer det så godt at han får ein fot innom. Han vert kjent med Antonietta, og dei bakkar kvarandre opp gjennom heile prosessen. Dei får jobb i ulike avdelingar, og misser kontakten. Til slutt i filmen vert han forfremma, og veit at han har ein arbeidsplass resten av livet. Sjølv om det ikkje er heilt klart for oss kva jobben er for noko, går det klart fram at det er eit kjedeleg arbeidsliv som ventar.

Filmen er finfin. Kvart einaste bilete kunne vore eit fotografi. Skodespelet er glimrande, og Sandro Panseri, som spelar Domenico, har eit fabelaktig ansikt. 

Guffen tilrår. 

 

13. desember 2015

The Good, the Bad and the Ugly (1966)

Eg skulle ut på reis, og såg at eg ein gong hadde kjøpt ein boks med dei tre spaghettiwesternfilmane til Sergio Leone. Verdt bryet, tenkte eg, og tok med plata merka "disc one". Det viste seg at det var den siste filmen i trilogien, men så lenge dei er relativt frittståande er jo det greitt.

Han gode og han stygge tener pengar på at han gode liksomfangar han stygge, leverer han til ein sheriff, får løysepengane som er utlova, og befrir han stygge. Dei vert blanda inn i ei jakt på nokre pengar, der han onde prøver å koma før dei. Det er midt under den amerikanske borgarkrigen, og dei vert òg innblanda i eit slag - han gode og han stygge er like godt med på begge laga (om enn litt motvillig). Så vert det eit endeleg oppgjer mellom dei tre på gravstaden der pengane er nedgravde.

Det er ein stilfull film, med fabelaktig musikk. Det går roleg og seint, men er heile tida spanande, ikkje minst av di Leone bruker veldig mykje nærbilete. Me veit lite om kva som skjer utanfor biletet. Viss ein vil, kan ein trekkja poeng for at dei to er litt på lag vert fanga og kjem seg laus ei rekkje gonger. Men det vil ikkje eg.

Guffen tilrår.

7. desember 2014

Rosens navn (1986)

Endå ein mellomalderfilm - det var då svært. Marit hadde lånt med seg nokre filmar heim, for å finna ein som passa i ein skuletime, og no har eg altså sett to av dei. Denne såg eg då han gjekk på kino, og hugsa han som ein grei film. Då hadde eg òg lese romanen, som eg òg hugsar som ein grei roman - langt meir lesverdig enn det andre eg har lese av Umberto Eco.

Filmen er framleis heilt grei. Handlinga er lagt til eit kloster, og mellomalderen er akkurat slik han ofte vert framstilt: Alle er skitne, husa er gamle, livet er ein kamp for å overleva, og så bortetter. Her har dei i tillegg framstilt dei langt fleste munkane som ekstremt groteske - det manglar tenner, her er ein pukkelrygg eller to, og det aular av mindre vellukka ansikt.

Til dette klosteret kjem den kloke munken William frå Baskerville, saman med ein læregut. Han skal eigentleg vera med på ein religiøs konferanse, der to ulike trusretningar skal drøfta teologi med ein paveutsending, men opphaldet vert prega av at fleire mordar er eller vert drepne. Han løyser mysteriet, utan at det er så veldig viktig. William er ein bokglad kar, og han kosar seg når han og læreguten lurer seg inn i det enorme og eigentleg stengde biblioteket til klosteret.

Guffen tilrår.

12. oktober 2010

Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)

I 1986 vart den italienske fjellklatraren Reinhold Messner den fyrste som hadde vore på toppen av dei fjorten fjella over 8000 meter. Dette er sjølvsagt ein ekstrem prestasjon, men Messner gjorde det ikkje enkelt for seg sjølv. Det handla om å setja grenser, og det handla om å bryta grenser. Han skriv at han var halvferdig med samlinga før han bestemte seg for å gå på alle toppane, det som dreiv han den fyrste tida var trongen til å sjå kva han kunne greia.

Han klatra heile tida utan ekstra oksygen. Etter dei fyrste tre-fire turane såg han at det var mykje enklare å koma seg til topps viss han gjekk åleine, eller i ei svært lita gruppe. Då kunne det heile skje mykje raskare. Det førte òg til at han kunne gå på fleire toppar i løpet av eitt år. I 1984 stod han på toppen av tre ulike toppar, og året etter vart han, saman med ein annan klatrar dei fyrste som gjekk ein travers over to 8000-toppar.

Han hadde sjølvsagt mange nær døden-opplevingar. Han miste to klatrekameratar på turar dei gjekk i lag, mellom anna bror sin, og var òg med ein ekspedisjon der ein sherpa døydde. Han såg mange døde klatrarar. I omtalen av alt dette er han rimeleg kritisk til dei andre, og meiner at dei burde oppført seg slik han hadde gjort. For å gjennomføra eit slikt prosjekt må ein vera rimeleg sjølvoppteken, han var på turar til Himalaya omtrent kvart år, og tida mellom klatreturane brukte han oftast til å tena pengar til neste tur. Han er frittalande, og det verkar som om han hadde fleire uvener enn vener i klatremiljøet. Det kjem av og til hint om slik usemje, i margen er der sitat der andre snakkar negativt om han, men konteksten rundt desse sitata kjem ikkje fram. Det er altså ei bortimot einsidig framstilling, og når han framstår som eineveldig og ekstremt sjølvoppteken i si eiga framstilling, er det nærliggjande å tru at han var endå meir kontroversiell.

Kvar turskildring opnar med nokre sider med bilete. Himalaya er fabelaktig.

Guffen tilrår.

Meir om fjell på kulturguffebloggen
Alf B. Bryn: Tinder og banditter (1943)
Andreas Backer: Til fjells med Andreas Backer (1944)
Den norske himalayaekspedisjonen: Tirich Mir til topps (1950)
Tryggve B. Steen: Jo Gjende og hans samtid (1959)
Arvid Møller: Gjendine (1976)
Per Hohle (red.): Fra varde til varde (1971)
Arvid Møller: Jotunkongen (1981)
Arvid Møller: Fjellfører i Jotunheimen (1982)
Ragnar Frislid: Gjende (1982)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)
Gangdal og Holm: Everest. Den tunge veien (1995)
Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)
Jon Krakauer: Into thin Air (1997)
Per Roger Lauritzen: Claus Heiberg. Veiviser i krig og fred (1999)
Conrad Anker og David Roberts: The Lost Explorer (1999)
Greg Child: Over the Edge (2002)
Per Roger Lauritzen og Johan Christian Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Eivind Eidslott og Jørn H. Moen: Besseggen (2008)
Michael Kodas: High Crimes (2008)
Lars Monsen og Trond Strømdahl: Norge på langs (2009)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Henrik Svensen: Bergtatt (2011)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Dagfinn Hovden: Tindekliv på Sunnmøre (2012)
Arne Larsen: Storen (2014)
Alex Honnold og David Roberts: Alone on the wall (2015)
Mark Horrell: Seven Steps from Snowdon to Everest (2015)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)
Everest (2015)
Anne-Mette Vibe: Therese Bertheau. Tindestigerske og lærerinde (2016)
Jan Aasgaard: Jotunheimen gjennom historien (2016)
Free Solo
(2018)
Sveinung Engeland: Høyde over havet (2021)
Trango. Et ønske om å leve sterkt (2025)
Girl Climber (2025)

19. mai 2010

Sykkeltjuvane (1948)

Eg trur eg har vore inne på at me let reisene våre påverka programmet i filmklubben. Etter at me var i Roma i 2008 såg me nokre relaterte filmar, men det var ingen braksuksess. Me konsentrerte oss om episke filmar om keisarar og krigarar som levde for altfor lenge sidan, og det var tidvis eit slit. Verst av alt var Alexander, regissert av Oliver Stone, som var så seig at me måtte dela han opp i tre.

Me burde kanskje ha satsa på litt filmar der handlinga var henta frå litt nyare tid. Kortversjonen av handlinga i Sykkeltjuvane er at det er ein film om ein mann som leitar etter ein sykkel. Langversjonen er omtrent sånn: Filmen skildrar tilhøva i Roma rett etter andre verdskrigen. Det var ikkje akkurat glad-dagar, arbeidsløysa ser ut til å ha vore stor, og butilhøva var ikkje heilt ideelle. Antonio er arbeidslaus, men får seg endeleg ein jobb – han skal klistra opp reklameplakatar. For å få jobben må han ha sykkel, og han greier å henta ut sin eigen sykkel, som har vore hjå ein pantelånar. Fyrste dagen på jobb vert sykkelen stolen, og dei neste dagane leitar han etter sykkelen, saman med son sin på 7-8 år. Det er sjølvsagt fåfengt, Roma er ein stor by, og sykkelen har ingen spesielle kjenneteikn. Dei vitjar eit marknad der stolne syklar er til sals, dei er innom i eit suppekjøken i ei kyrkje, dei er utanfor ein fotballstadion medan det er kamp, og dei går rundt i gatene.

Tilhøvet mellom far og son er sentralt i filmen. Sonen er glad og stolt over at faren har fått seg arbeid, og faren er like glad og stolt for at han kan tena litt pengar. Sonen vil hjelpa faren, men etter kvart som faren vert trøytt og lei av leitinga, greier ikkje faren skjula at sonen er til lita hjelp. Etter at dei har mist kontakten med ein gamal mann som kanskje visste noko om sykkeltjuveriet, seier sonen at dei aldri skulle latt han gå. Faren klakkar til han. Etter kvart greier han å byggja opp tilliten igjen, dels ved hjelp av eit altfor dyrt måltid på ein restaurant, men etter at faren vert teken på fersken når han stel ein sykkel sjølv, er sonen berre oppgitt. Filmen sluttar med at dei begge grinande er på veg heim.

Der er glede i filmen, og der er sorg i filmen. Antonio er desperat etter å halda på jobben, ikkje av di han var spesielt spanande, men av di det var godt betalt. Han har rekna ut kva han vil tena, og er godt nøgd. Alt går til pisis, og då fell alt i fisk. Filmen har heldigvis ikkje noko happy ending, det er viktigare å visa fram korleis det faktisk var i Roma etter andre verdskrigen. Sjølv om der var folk som vassa i pengar, var der òg mange som ikkje fekk ta del i dette. Noko av det som driv Antonio til å stela sykkelen utanfor fotballstadionet, er at han skjønar at viss ikkje han får jobben tilbake, kan han ikkje ta sonen med på fotballkampar.

Guffen tilrår.

3. mai 2010

1900 (1976)

Hm. Det verka som ein god idé, der eg stod i butikken. Eg såg denne filmen i filmklubben på Voss midt i 80-åra, og hugsa det som ein god film. Slik opplevde eg det ikkje no. Filmen varer like godt i fem timar, og det verka som det dobbelte.

I filmen møter me to gutar som vert fødde på same dag i 1900. Dei vert fødde på same garden, men den eine, Alfredo, er arving til garden, medan den andre, Olmo, er som til ei av dei som arbeider på garden. Dei to har god kontakt gjennom heile filmen, trass i at dei har heilt ulike levekår.

Med unntak av ein kort epilog handlar filmen om utviklinga i det italienske samfunnet frå århundreskiftet og fram til slutten av andre verdskrigen. Det er ein viktig periode, der fascistane kjem til makta, parallelt med at sosialismen òg får eit visst fotfeste. På sett og vis passar dette inn med nokre seriar me har sett det siste året, me såg den glimrande tyske serien Heimat, og har òg sett seriar som handlar om amerikansk historie, mellom anna Centennial. Likevel var dette lange timar. Det er altfor lite framgang i historia, som heller ikkje er godt nok fortalt til at ho engasjerer. Då hjelper det lite at filmen har solide skodespelarar i tre av dei viktigaste rollene - ein solid Robert de Niro, ein svært ung Gerard Depardieu, og ein svært usympatisk Donald Sutherland.

Guffen kan ikkje tilrå dette.