10. mars 2010

No Direction Home (2005)


Ein lang dokumentarfilm om Bob Dylan? Neppe ein film eg ville kjøpt eller sett, hadde det ikkje vore for at Runar tilrådde filmen for ei tid sidan. Han hadde han med på ein skuleturné me var på, og eg såg den fyrste timen av filmen. Den var såpass bra at då eg kom over filmen for ein sleik og ingenting, kjøpte eg han.

Kor lurt det var, veit eg ikkje. Det er greitt med folkeopplysning og alt det der, men det er ein lang film for ein som ikkje har noko forhold til musikken til Dylan. Filmen varer bortimot tre og ein halv time, og varer fram til 1966. Dylan voks opp i Minnesota, og flytta til New York rundt 1960. Her fann han andre med same musikalske interesser, og gradvis vart Dylan ein av dei leiande i dette miljøet. Han stagnerte ikkje, han skreiv både musikk og tekstar, og ville heile tida vidare. Han gjekk over til å spela elektrisk, og det førte til at publikum ropte ”Judas” og ”forrædar” når han kom på scena.

Etter kvart som Dylan vert meir og meir populær, vil fleire snakka med han, om alt mogleg. Den siste delen av filmen handlar om ein turné der Dylan vert meir og meir nedtrykt for kvar pressekonferanse, og han vil berre heim igjen. Nokon vil kalla dette eksentrisk; for meg ser det ut som han berre gjer seg vanskeleg, og at han spelar på myten om den mystiske artisten.

Der er fleire gode ting med filmen. Dylan snakkar om kva musikk som påverka han då han var ung, og korleis det var å vera musikkinteressert i ein liten by i Minnesota i 1950-åra. Nemner han ein artist han likte, får me høyra litt musikk frå denne artisten. Her er det mange godbitar, i det heile står Dylan for den veikaste musikken i filmen. Fram til han kjøpte seg elektrisk gitar er det relativt uinteressant, og det tek ikkje heilt av då heller. Filmen er nok betre for dei som likar Dylan, men det vart mange uinteressante konsertopptak i løpet av filmen.

Filmen viser korleis Dylan arbeider. Han kunne skriva tekstar heile tida, gjerne medan ein annan visesongar song og spelte to meter unna. Medmusikantane hans hadde ei krevjande oppgåve, både i studio og på konsertar – det var ikkje noko øving, og ein song som gjekk i valsetakt ein dag kunne godt gå i 4/4 dagen etter.

Men alt i alt vert det for mykje, og for langt.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Scorsese på kulturguffebloggen
The Color of Money (1986)
George Harrison. Living in the Material World (2011)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar