Viser innlegg med etiketten Shaun the Sheep. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Shaun the Sheep. Vis alle innlegg

2. november 2026

Sauen Shaun. Gårdens fårbannelse (2026)

Det kan henda at denne filmen ikkje er den mest nyskapande filmen i verda, men det gjer ingenting: Det er rasande god underhaldning.

Me kjenner rammene for filmen: Ein middels oppvakt bonde har nokre over middels oppvakte sauer, ein hund og nokre andre dyr. Denne gongen er det halloween, og sauene har i løyndom dyrka ein del graskar. Bonden vil invitera den omreisande dyrlegen på ein halloween-fest, men er uroa over at han er tom for ein hårkrem som kan gje han tilbake den fjerna hårveksten sin. Ved eit uhell øydelegg han graskar-åkeren. Shaun, den mest oppvakte av sauene, blandar ein krem som skal gje dei nye graskar på ein-to-tre. Bonden finn denne kremen, trur det er hårkrem, og vips: Grunnlaget er lagt for ei lang rekkje episodar.

Dei som skal få med seg alle vitsane må følgja godt med. Her er ingen reine replikkar, både dyr og folk mumlar berre, men det aular av visuelle godbitar. Her kjem referansar til eitt og hitt, og det var ei ny fin stund saman med dyra på bondegarden. Eit ekstra pluss for at filmen er laga på gamlemåten, altså handlaga animasjonar.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Sauen Shaun (2015)
Farmageddon (2019)

24. november 2019

Farmageddon (2019)

Ein gong rundt midten av 1990-åra tipsa Geir meg om The Wrong Trousers, ein fabelaktig animasjonsfilm som gjekk på kino. Bergen kino hadde sett han opp saman med ein norsk kortfilm, ein ulideleg keisam og pedagogisk korrekt film. Men det var vel verdt å lida seg gjennom dei greiene der - The Wrong Trousers var (og er) suveren, med ei sluttscene eg lo så mykje av at eg hadde lyst til å sjå filmen ein gong til med ein gong.

Denne filmen er laga av det same selskapet, Aardwark. Sauen Shaun er ein helt frå mange kortfilmar. Det kom ein langfilm for fire år sidan, og den var meir enn godkjend. Gledeleg nok er denne endå betre.

Kort fortalt er historia slik: Eit romskip landar like ved garden der Shaun og dei andre bur. Det er ført av eit lite rombarn, som ved eit uhell hamna på jorda, og alle dyra på garden, medrekna hunden Bitser, gjer det dei kan for å få sendt rombarnet heimatt. Det går, på sett og vis, men det er ikkje det viktige her. I filmen står dei gode vitsane og gode detaljane i kø, og her er meir enn nok å le av. Sjølv lo eg mest av då Shauen og Bitzer prøver å trykkja på rett knapp i romskipet, og brått har dei transportert den galne oksen opp til seg.

Filmen er utan replikkar, men imponerande nok forstår alle, også dei minste, automatisk kva som skjer. Og det er sjølvsagt midt i blinken at alt i filmen er laga av leire - på rombarnet ser ein godt fingeravtrykka til animatørane.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Sauen Shaun (2015)
Sauen Shaun. Gårdens fårbannelse (2026)

9. februar 2015

Sauen Shaun (2015)

Sauen Shaun er kvalitet. I alle fall sidan 2005 (som var det året eg vart Barne-TV-sjåar igjen) har det vorte laga ei rekkje korte filmar. Dei fleste er vellukka, nokre av dei er til og med ekstremt vellukka. Dei er morosame, og har gjerne vitsar som går dei små hus forbi, men som dei vaksne får med seg. All humoren er visuell; der er ingen replikkar. Handlinga er lagt til ein gard, og hovudpersonane er bonden, hunden Bitzer, nokre grisar, ei and, ein okse, og ein saueflokk, der den mest oppvakte er Shaun.

No prøver dei seg i ein langfilm, og den filmen står med glans. Kort fortalt vil dei ha ein fridag, så dei lurer bonden til å sovna, og ber han inn i ei campingvogn. Vogna trillar av seg sjølv heilt inn til ein stor by, og Shaun (og alle dei andre sauene, viser det seg) reiser til byen for å få han attende.

Heller ikkje i filmen er det replikkar, anna enn grynting og uforståelege ord. Det er imponerande at det held heile filmen gjennom, og like imponerande er det at vitsane er så gode. Det boblar over av kreativitet, det er noko å smila eller le av omtrent heile tida, og det er for ein gongs skuld ein barnefilm eg gler meg til at kjem på DVD. Ungane i huset vert ikkje dei einaste som vil sjå denne fleire gonger.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Farmageddon (2019)
Sauen Shaun. Gårdens fårbannelse (2026)