Rundt 1980 var The Clash eitt av dei tøffaste banda i verda. Dei vart forma i 1976 og gav ut fem plater (pluss ei til). Frå 1978 (omtrent) til 1980 var Johnny Green ein av roadiane deira, og det er det livet han fortel om her.
I 1978 var dei eitt av dei leiande punkbanda, to år seinare var dei eitt av dei største banda generelt. London Calling var eit stort steg framover for bandet, også når det galdt popularitet, slik at rolla til Green endra seg. I fyrsten var han den einaste roadien, seinare vart han ein av fleire.
Green likte sjølvsagt bandet, og han likte haldningane deira. Etter konsertane var garderoben alltid open for fans, og bandet hjelpte gjerne fans utan billett inn bakvegen. Han gjev gode skildringar av dei fire som var lengst med i bandet - Joe Strummer var oppteken av politikk, Paul Simonon var oppteken av korleis han såg ut, Topper Headon var oppteken av rus, medan Mick Jones var mest oppteken av å verta behandla som ei stjerne. (Dette endra seg rett nok - i eit etterord skriv Green at Jones vart langt meir sympatisk etter at han vart sparka frå bandet.)
Det er ei underhaldande og grei bok. Det dreg rett nok litt ned at Green er farga av den fyrste punkeperioden, der dop og drikking og vald var sett på som gode greier. Han er glad i anekdotar der nokon har drukke for mykje, og for oss lesarar kan det verta for mykje av det.
Guffen tilrår.
Meir The Clash på kulturguffebloggen
Bob Gruen: The Clash (2002)
Pat Gilbert: Passion is a Fashion. The Real Story of the Clash (2004)
Marcus Gray: Route 19 revisited. The Clash and the making of London Calling (2011)
Frode Grytten: Brenn huset ned (2013)
Micajah Henley: Sandinista! (2024)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar