Det er stas med filmar som tek ei anna vending enn det ein skulle tru, men i dette høvet er det òg litt irriterande, og litt rart.
Filmen opnar med eit brutalt ran av eit jernbanekontor, ein stad langt sør i USA, svært tidleg på 1900-talet. Mange døyr, men dei to leiarane for bandittane, Pike og Dutch, kjem seg unna, saman med nokre få av hjelparane sine. Han som leia forsvaret av kontoret, Deke Thornton, har tidlegare vore samansvoren med dei to bandittleiarane, og han legg ut for å fanga dei.
Det greier han aldri. Han er på sporet av dei, men får aldri heilt nærkontakt. Den siste halvdelen av filmen har to parallelle handlingar - i den eine jaktar Thornton på bandittane; i den andre, som er langt meir spanande, vert Pike og Dutch hyra inn av ein meksikansk bandeleiar for å rana ein amerikansk våpentransport. Dei får med seg våpna frå toget, der Thornton sit i ei anna vogn, og leverer dei til meksikanaren. Opphaldet deira der sluttar med ein massakre, der noko som verkar som hundrevis av personar vert skotne ned. Thornton kjem for seint, sjølvsagt.
Det er noko nostalgisk over alle dei tre i hovudrollene. Kanskje spesielt Thornton, som ikkje berre leitar etter Pike og Dutch, men som òg lengtar tilbake til tida då dei tre reid saman. Ved minst eitt høve let han hjelparane sine få høyra at dei ikkje kan måla seg med Pike og Dutch, og at han sjølv gjerne skulle vore saman med dei.
Guffen er lunken.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar