Denne romanen ser ut til å vera bygd på livet til foreldra til Orten. Det er ingen biografi, og sidan det er ein roman er her sikkert mykje dikting, men det er dei to det handlar om.
Det meste av boka handlar om krigen, og om faren. Han var med i krigshandlingane i 1940, og resten av krigsåra budde han på ei øy på Nord-Vestlandet. Dei møter kvarandre i Molde (trur eg), og slår seg ned på ei anna øy på Nord-Vestlandet.
Det er ei ujamn bok. Krigsåra dekkjer altså det meste av boka, og her er det tidvis lite å skryta av. Det vert refererande, og driv ikkje akkurat boka framover. Boka er betre når ho handlar om møtet mellom dei to.
Guffen er lunken.
Meir Orten på kulturguffebloggen
Sjabervik (2011)
Viser innlegg med etiketten Orten. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Orten. Vis alle innlegg
7. mars 2015
6. juli 2012
Øystein Orten: Sjabervik (2011)
Denne novellesamlinga fortel om hendingar i den fiktive sunnnmørsbygda Sjabervik, hendingar som strekkjer seg over eit par hundre år. Novellene kjem kronologisk, slik at boka samla vert ei forteljing om korleis samfunnet, fyrst og fremst på Sunnmøre, har endra seg. Språket endrar seg (eit par av dei fyrste novellene er skrivne som samtidige vitnesbyrd, på dansk). Butilhøva endrar seg. Draumane endrar seg (i dei tidlege novellene er det svært mange nøgde fiskarar; i ei av dei siste møter me ein femtenåring som vil verta fotballproff). Familietilhøva endrar seg, i den andre halvdelen av boka finst det til og med skilsmisser. Ein av dei få tinga som er nokolunde konstant, er at religionen har ein sterk posisjon.
Ofte dukkar hovudpersonen i ei novelle opp i ei birolle eller som statist i ei anna. Det bind novellene saman, det vert litt som i Bikubesong, der Murboligen bind det heile saman. Novellene fortel oftast om folk som har hamna litt i utkanten av samfunnet. Det kan vera folk med alvorleg sjukdom, det kan vera nokon som har mist mannen sin, det kan vera ein innvandrar, og så vidare.
Her er gode noveller, men her er òg mindre gode. For meg dabba interessa litt av utover i boka, og det må vel koma av at eg likte dei fyrste novellene betre, sånn jamt over. Orten skriv godt, han har eit rikt ordforråd, der han gjerne hentar inn sunnmørske ord og uttrykk, og han nyttar mange korte og av og til knappe setningar. Likevel vart det litt for ujamnt for meg, dette.
Guffen er lunken.
Meir Orten på kulturguffebloggen
Vegen til Neverland (2005)

Etikettar:
litteratur,
Noreg,
Orten
Abonner på:
Innlegg (Atom)