27. august 2024

Brev (Kongressen, Ulvik, 24.8.2024)

I helga var det ti år sidan Hauge-senteret i Ulvik opna, og jubileet vart mellom anna markert med denne urpremiera. Stykket er basert på breva Bodil Cappelen og Olav H. Hauge sende til kvarandre i fyrste halvdel av 1970-åra. Me veit korleis det gjekk - Cappelen flytta til Ulvik i 1975, og dei gifta seg tre år seinare. 

Breva er rørande og sterk lesnad. Cappelen er den ivrigaste; Hauge er meir forsiktig, det er av og til mest som om han ikkje trur på det som skjer. 

Dette stykket legg vekta mest på dei tidlegaste breva. Stykket er i alle hovudsak sett saman av utdrag frå breva; der kjem i tillegg nokre setningar frå dagbøkene til Hauge. Fleire av dei tidlege breva vert det lese opp store utdrag av, medan utdraga vert kortare utover i brevvekslinga. Det fungerer stort sett greitt, men ein sjeldan gong burde dei nok teke med litt meir kontekst. Det er ein enkel scenografi, der Morten Svartveit og Kjærsti Odden Skjeldal, uoriginalt nok, sit ved kvar sin skrivepult. I midten sit musikaren Sjur Miljeteig, som var glimrande heile vegen. Skjeldal var òg imponerande; Svartveit vart litt for stiv og uengasjert.

Guffen tilrår.

Meir Olav H. Hauge på kulturguffebloggen
Kjære Olav. Kjære Bodil (Ulvik, 18.4.2012)
Den andre mannen i meg (2014)

25. august 2024

Squaring the Circle (2022)

Det var litt tilfeldig, slik det er med det meste: Pink Floyd trong eit omslag til LP-en A Saucerful of Secrets i 1968. Dei spurde to kjenningar frå Cambridge, Storm Thorgersen og Aubrey Powell, om hjelp, og omslaget deira vart raskt populært. Dei heldt fram under namnet Hipgnosis, og vart dei store formgjevarane av plateomslag utover i 1970-åra. Dei laga ikkje berre omslag for Pink Floyd, men òg for artistar som Peter Gabriel, Wings, 10CC, Led Zeppelin, osb. 

Eg høyrer på mang slags musikk, men fleire av desse gruppene er rimeleg uinteressante for meg. Eg har likevel ikkje problem med å sjå at omslaga er flotte. På den tida var det jo LP-ar (og ikkje CD-ar), slik at det var meir rom for å laga flotte omslag. Og slik eg hugsar det, studerte me LP-omslaga langt meir enn me studerte CD-omslag (og sjølvsagt langt meir enn "omslaga" på digitale utgjevingar).

Filmen er finfin. Thorgersen døydde for rundt ti år sidan, og er berre med i arkivklipp. Powell snakkar mykje. Dei to skilde lag tidleg i 1980-åra, og det kan godt vera at Thorgersen ville hatt ein annan versjon av det som skjedde der. Men filmen handlar uansett mest om tida dei arbeidde godt saman, og korleis dei hadde ulike roller. Thorgersen hadde gjerne ideane, i alle fall dei villaste ideane, medan Powell var fotografen. Mange av musikarane er òg intervjua for filmen, og det er stort å sjå korleis dei framleis vert imponerte over arbeida til Hipgnosis.

Guffen tilrår. 

24. august 2024

Kristin Valla: Muskat (2000)

Ei norsk kvinne, Klara Jørgensen, reiser til Venezuela. Ho er ikkje av dei mest utåtvende, ho ser ikkje ut til å vera ei av dei som absolutt alle menn fell for, men ho møter likevel fleire menn ho vert godt kjende med. 

Romanen opnar og sluttar med omtale av professoren Gabriel Angélico, som har Klara som student. Dei nærmar seg kvarandre, og det verkar som begge vil ha den andre, men så langt trur eg ikkje dei kjem. Ho får eit nærare forhold til fiskaren/sjømannen William Penn. Han bur ved kysten; Angélico bur oppe i fjellet. Det er ikkje noko direkte trekantdrama; Klara gjer som ho vil og er heile tida på farten. Ingen prøver aktivt å stoppa ho, sjølv om dei kanskje vil. 

Romanen er fortald på ein god måte. Valla deler ikkje ut alle korta med ein gong, og me hoppar i tillegg litt att og fram i tid. Her er mange fine vendingar og gode skildringar, og tidvis er det ei svært fengande bok. Andre gonger er det ikkje like lett å halda oppe tempoet i lesinga.

Guffen tilrår.

22. august 2024

Odd Karsten Tveit: Palestina (2023)

Eg las nett ei bok om OL, og skreiv noko om at den boka var ekstra aktuell under sommar-OL i Paris. Eg kunne ha skrive noko liknande om denne boka, men det hadde vore unødvendig: Boka handlar om korleis Israel behandlar palestinarane, og det er jo eit tema som har vore aktuelt sidan staten Israel vart oppretta.

Tveit var NRK-korrespondent i Midt-Austen i fleire periodar, og kjenner regionen og historia godt. Fleire gonger går han inn i forteljinga sjølv, og bruker eigne røynsler og møte. I boka går han kronologisk til verks og fortel om angrep og mishandling. Det vert nesten i meste laget, men det vert aldri så mykje at eg ikkje vert sjokkert og trist over stadig meir jævelskap.

Det er aldri nokon tvil om kvar sympatien til Tveit ligg. Det er heller ikkje så rart, ein skal vera bra blind for å meina at Israel har rett til å halda på slik dei har gjort, og slik dei framleis gjer. Alle israelske leiarar har ikkje vore like galne, men dei har heile tida sett på palestinarane som mindreverdige. Han viser greitt korleis Israel minner meir og meir om ein apartheid-stat. Og han viser greitt korleis Noreg og andre land har latt alt dette skje.

Guffen tilrår. 

20. august 2024

Ragnarock 1974 (1974)

Ragnarock var ein av dei fyrste norske rockefestivalane. Dei vart arrangerte i Holmenkollen, og den fyrste var i 1973. Denne filmen handlar om det andre året, og har solide dosar sjarm. Det er ikkje musikken som er mest fascinerande. Mange av banda vert filma på scena - nokre er uinteressante, dei fleste er halvgode. Dei einaste som verkeleg svingar er Popul Vuh, som mellom anna spelar "Queen of all Queens", ein av dei aller tøffaste norske songane.

Innimellom dette ser me bilete av publikum. Dei har stil, det er midt på sommaren og varmt, og dei aller fleste ser ut akkurat slik ein skulle tru at ungdom såg ut på den tida. To intervjuar går rundt og snakkar med folk - nokre er nøgde, andre er mindre nøgde. Eitt av desse intervjua er pinleg: Dei har funne ei dame som solar seg topplaus, og ho vert spurt om dette. Ho svarar heilt greitt. Til slutt spør intervjuaren om det, sidan ho sit med knea framfor overkroppen sin, er slik at det berre er dei som er her som skal få sjå brysta hennar, og ikkje kameraet? Ho har ikkje noko anna val enn å strekkja ut beina og visa seg fram.

Meir interessante er intervjua som viser at dei som stod bak konserten ikkje hadde kontroll. Det vart mange utsetjingar, og sidan musikken måtte vera ferdig klokka åtte (!) vart to av banda kutta ut. Eitt av dei var Prudence, som hadde køyrt eins ærend frå Namsos, og som her ville nådd ut til eit langt større publikum enn dei var vane med. Forklaringa frå arrangøren: Settet til Titanic vart utsett av di det ikkje fanst congas (!!), og for å spara inn tid vart både Titanic, Prudence og sjølvaste Hawkwind kutta.

Guffen tilrår. 

16. august 2024

Bergliot Ibsen: De tre (1948)

Dette er ei litt merkeleg bok. Bergliot Ibsen skriv om familien Ibsen frå innsida, og burde ha føresetnader for å koma med nye og spanande innsikter. Det gjer ho vel ikkje så mykje. I staden gjer ho noko heilt anna.

Dei tre er ekteparet Henrik og Susannah, og Sigurd, det einaste barnet deira. Bergliot var dotter til Bjørnstjerne Bjørnson, så både ho og Sigurd vaks opp i heimar med kjende forfattarar. Ho skriv sjølvsagt litt om det vekslande forholdet mellom faren og svigerfaren, men ho skriv meir om svigerforeldra. Ho siterer svært mykje frå brev ho har liggjande. Dei var ofte vekke frå kvarandre, og skreiv som regel brev heile tida. Det er påfallande kor redd Henrik Ibsen er for at noko gale skal skje, i alle situasjonar.

Mest skriv ho om Sigurd Ibsen, og om alle dei mange kampane han kjempa og tapte. Han må ha vore klok og skarp, men han verkar òg som ein vanskeleg kar å samarbeida med. Han får ikkje gjennomslag for alle tankane sine, han får ikkje dei jobbane han helst ville ha, og for kona er det opplagt at dette er av di den norske staten konsekvent motarbeider han. Til sist gjev han opp, og dei buset seg i Sveits. Ho skriv aldri noko om at ho er så tett på han at det kan vera vanskeleg å vera nøytral, ho kritiserer han ikkje for nokon ting - ikkje eingong då han reiser utanlands utan kone og born, og vert vekke lenge. Det er altså mest som eit forsvarsskrift for ektemannen, skrive nesten tjue år etter at han var død.

Guffen er lunken. 

14. august 2024

Lucy O'Brien: Lead Sister. The Story of Karen Carpenter (2023)

Carpenters var noko heilt anna enn musikken og imaget. Duoen, broren Richard og systera Karen, laga snill, av og til aldeles easy-listening, pop. Dei budde heime hjå foreldra. Dei stod for såkalla gode verdiar. Dei vitja president Richard Nixon i Det kvite huset, og smilte godt på fotoet som vart teke den dagen. Musikken er fengande, men i tida rundt 1970 var dei langt, langt vekke frå det hippaste av det hippe.

Under overflata var alt noko annleis. Richard fekk etter kvart eit altfor stort forbruk av piller. Han kom seg ut av det, men det var verre med Karen. Ho utvikla anoreksi, ein sjukdom som var altfor lite kjend då. Alle rundt ho såg at ho var altfor tynn, ingen greidde å gjera noko med det. Då ho omsider prøvde å få skikk på kroppen igjen var det for seint. Ho døydde i 1983, 33 år gamal.

Det er ho denne boka handlar om. Ho var ein suveren vokalist, ein svært god trommeslagar, men sleit òg med sjølvtilliten. Ho hadde eit anstrengt forhold til mora, og greidde aldri å frigjera seg heilt frå ho. Ho vart òg framstilt som den mindre viktige av syskenparet - det var Richard som arrangerte all musikken, produserte platene, osb. O'Brien viser kor vanskeleg det var for ei kvinne å hevda seg i musikkverda på den tida, og, igjen, kor vanskeleg det var å få hjelp viss ein trong det.

Guffen tilrår. 

13. august 2024

Finn Tokvam og Halvor Folgerø: Tyl (2005)

Dette er ei heilt grei bok. Det handlar om den litt tafatte postmannen Ove Ullkvam og den noko meir framfuse kameraten hans Ragnar. Ullkvam har ikkje fått til det både han og andre trudde at han skulle få til. Det har ikkje gått rette vegen med damer, det vart aldri noko av studiane, og han trør i staden rundt i heimbygda. Det gjer òg Ragnar, men han er meir oppteken av å ha det kjekt her og no, han tenkjer ikkjs å mykje på alt som kunne ha vore. Han får òg, i langt større grad enn Ove, det og dei han har lyst på.

Her er mange gode setningar og påhitt. Tidleg i boka kjem godbiten "Eg kasta skugge, men likte det ikkje". Det er òg rimeleg fornøyeleg når dei reiser til Vossa Jazz og drøftar seg fram til kva som gjer at tingingsverka ikkje er verdt bryet.

Her er likevel eit stort men med det heile: Dei er opne om at Ragnar er kalla opp etter Hovland, og dei klatrar nok vel langt inn i senga hans. Her er både personar og scener Hovland kunne ha funne på. Litt meir originalitet kunne altså gjort seg.

Guffen tilrår.

11. august 2024

Anders Aschim: Ein betre vår ein gong. Elias Blix (2008)

I sommar var me innom to store forfattarmuseum i Nordland - Petter Dass-museet og Hamsunsenteret. Me var òg innom på Gildeskål, der Elias Blix var fødd og vaks opp. Der var det ikkje noko stort museum, men ein fin kafe med gode kaker og god informasjon om Blix. For meg var den vitjinga langt meir verdfull enn dei to forfattarmusea.

Elias Blix var stor og viktig. Han vart målmann alt før han kom til Oslo i 1860, 24 år gamal, og var relativt sentral i den ferske målrørsla dei neste åra. Han var til dømes med då Det Norske Samlaget vart skipa i 1868, og han sat i det fyrste styret der. Han vart professor i hebraisk. Han var kyrkje- og undervisingsminister 1884-88. Han var med på dei fyrste bibelomsetjingane til nynorsk. Og han var ein svært habil diktar - han skreiv salmar til heile kyrkjeåret, og han skreiv andre songar, som "Barndomsminne". (For ufaglærte: Det er den som opnar med "Å, eg veit meg eit land".) Til og med ein heidning som meg kan sjå det store i salmar som "No livnar det i lundar" eller "Gud signe vårt dyre fedreland".

Denne innhaldsrike biografien fortel om alt dette og meir til. Aschim har suveren kontroll på store mengder med kjelder, og teiknar og forklarar stort og smått. Han teiknar eit bilete av ein mann som kan verka litt forsiktig, og som hadde ord på seg for å ikkje vera altfor handlekraftig, men som absolutt fekk ting gjort. Blix var stor og viktig.

Guffen tilrår. 

5. august 2024

Jules Boykoff: What are the Olympics for? (2024)

Denne boka kjendest aktuell akkurat no. Ho svarar på mange spørsmål, men kanskje ikkje så mykje på spørsmålet i tittelen. Boka kjem ut i ein serie der alle bøkene har eit liknande spørsmål i tittelen - What are Museums for? What is Journalism for? Osb.

Det er ei rimeleg kort bok. Boykoff går gjennom OL-historia og viser, ikkje overraskande, at det går frå vondt til verre. Rasisme, korrupsjon, falskheit - det er ikkje måte på kor mykje gale OL-pampane har gjort. Det tok likevel ei heilt ny vending i 1984. I åra før det hadde IOC slite økonomisk, men det året skjønte dei at dei kunne kopla seg opp mot nokre store sponsorar, i tillegg til at dei kunne heva prisen på fjernsynsrettar. Då tok det heilt av - IOC vart rotnare og rotnare, meir og meir lukka, og eitt av dei beste symbola på at det berre handlar om pengar. 

Boykoff sluttar med tips til kva som kan gjerast. Han er ikkje spesielt optimistisk, han meiner nok at toget har gått, men likevel: Tilrådingane hans er innføring og gjennomføring av menneskerettar; gje makta til utøvarane, og å innføra demokrati i olympisk politikk og olypmiske prosessar. Gode tankar, som er noko optimistiske.

Guffen tilrår.