13. april 2024

Arnfinn Haga: Aksjon Telavåg (1993)

Eg vart gåande og tenkja på Telavåg-aksjonen her ein kveld, og fann ut at dette var noko eg burde gjera meg litt meir kjend med. Eg fann denne boka på nettsidene til Nasjonalbiblioteket, og sette i gang. 

Arnfinn Haga har skrive svært mykje om andre verdskrigen. Frå 1979 til 2010 var det berre eitt år han ikkje gav ut bok, og dei aller fleste bøkene ser ut til å handla om krigen. Det er eit høgt tempo, og sjølv om det altså er bøker frå eit avgrensa felt, er det fare for at bøkene kunne vorte betre dersom han hadde sett ned tempoet litt. Det er i alle fall tilfellet her - historia om Telavåg-aksjonen er så dramatisk at ho fortener ei langt betre skildring enn dette. 

Kortversjonen er at mange flykta til Storbritannia via Telavåg. Litt tilfeldig oppdagar ein norsk politimann at to som ventar på skyss gøymer seg i eit hus i Telavåg. Politiet og tyskarane går til aksjon, nokre av tyskarane vert drepne, og hemnen vert grusom: Alle menn i bygda vert sende til Tyskland, alle kvinner og born vert sende i eksil i Norheimsund, alle hus i bygda vert brende. 

Boka kan nok reknast som god dokumentasjon. Haga har snakka med mange som overlevde, og eg er ikkje i tvil om at han kan stoffet sitt. Likevel burde det vore presentert betre.

Guffen er lunken. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar