5. september 2019

Martin Newell: This Little Ziggy (2001)

Eitt av dei banda eg høyrde mest på i åttiåra var Cleaners from Venus. Dei laga fabelaktige popsongar, glitrande melodiar og meiningsfulle tekstar, men det stoppa ikkje der. Dei var prega av DIY-tankegangen, og gav lenge berre ut kassettar. Me var fleire som (lett elitistisk) meinte at dei tapte seg då dei tok til med å gje ut vinyl.

Cleaners from Venus var Martin Newell, og dei han til ei kvar tid inviterte med. Det var ikkje det fyrste bandet han var med i. I denne boka fortel om det fyrste eigentlege bandet hans, Plod. Og han fortel om litt til frå oppvekståra sine.

Faren var militær, og familien flytta mykje. Martin fann seg ikkje heilt til rette på dei mange skulane, og slutta skulegangen relativt tidleg. Dei neste åra hadde han ulike strøjobbar, samstundes som det var litt gitarspel, litt damer, og litt for mykje dop. Det var berre tilfeldigheiter som gjorde at han aldri vart sett inn, og etter ei slik oppleving fann han ut at han måtte bryta med miljøet han var i. Han hadde lenge skrive songar på gitar, og han hadde framført dei ved nokre høve, så då han såg at Plod trong ein vokalist, melde han seg til teneste og fekk jobben. Det er ein rar grunn til å byrja i eit band, og han seier det klart sjølv: "I must be the only person in the world who ever joined a rock band to become drug-free".

Plod var eit glamband, og han fortel godt og detaljert om korleis det var å gå ut på scena med sminke og platåsko. Nokre plassar var publikum budde på kva som kom; andre stader var det total kulturkræsj. Plod dreiv det ikkje spesielt langt, og Newell kom slettes ikkje inn i eit rusfritt miljø, men det gav han meirsmak. Boka sluttar med at bandet vert oppløyst. Det står altså ingenting om Cleaners from Venus her, men det vert indirekte referert til dei fleire gonger.

Newell skriv svært fritt om vener og slekt på den tida. Det er underhaldande, og han skriv flytande og godt. For min del må han gjerne skriva ein oppfølgar om tida i Cleaners.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar