3. januar 2018

Mark Steward m.fl.: Great Expeditions (2016)

Undertittelen på denne boka er "50 journeys that changed our world", og kan vera den mest misvisande undertittelen som finst. Det kan godt henda at det verkeleg fint 50 ekspedisjonar som endra verda vår, men det er ikkje dei 50 som er med her. Nokre av dei gjorde sjølvsagt det, som sjøreisa til Columbus i 1492, eller ekspedisjonen til Clark og Lewis i 1804-06, men andre av dei i boka gjorde det absolutt ikkje. Ein eventyrar som misser livet når han leiter enn fantasiby i den brasilianske regnskogen? Tre jenter som flykter frå ein barneheim og går 1600 kilometer gjennom øydemarka for å koma heim? Ein jeger som greier å ta livet av ein mannevond leopard i India? Greenpeace-aksjonane for å stoppa kvalfangst?

Så er det òg mykje rart å seia om nokre av ekspedisjonane som verkeleg var milepålar. Kappløpet til Sydpolen høyrer med her, men i alle fall for ein norsk lesar er det merkeleg at dei britiske forfattarane stort sett skriv om Scott og følgjet hans - dei fire som var med Amundsen vert ikkje nemnde med namn, medan dei fire som miste livet saman med Scott vert det.

Og boka manglar eit føreord. Der burde det stått noko om rekkjefølgja på ekspedisjonane. Det kan verka som om dei kjem i prioritert rekkjefølgje: Fyrst kjem månelandinga, så kjem Sydpolen, Darwin, Gagarin og Leif Eiriksson, før Thor Heyerdahl og Kon-Tiki-ekspedisjonen kjem som nummer seks. Himmel og hav - skal den vera viktigare enn alt som kjem etter? Og skal Leif Eiriksson vera viktigare enn Columbus, som er nummer 11?

Så det er mykje rart her. Her er òg manglar - sjølv om det er høgst tvilsamt om Cook og/eller Peary nådde Nordpolen, burde kappløpet deira vore nemnt. Men likevel: Det er mykje bra her. Artiklane er presise, og har oftast kart og gode illustrasjonar. Som eit oppslagsverk kan boka difor fungera greitt - her kan ein fort friska opp kva Magellan eller Vasco da Gama gjorde, til dømes. Eller kva Magellan gjorde - alt Vasco da Gama gjorde var å finna sjøvegen frå Europa rundt Afrika til India, og det er visst ikkje ein av dei viktigaste reisene som endra verda.

Guffen er lunken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar