17. november 2016

Star Wars (1977)

Ivar (9) og Aslak (11) ville gjerne sjå denne. Det var greitt for meg, eg har ikkje sett filmen sidan syttitalet, og det kunne jo vera greitt å friska han opp att.

Det er ein veldig enkel film. Prinsesse Leia er teken til fange og vert ført til Dødsstjerna, ein stor ... eh … romstasjon. Ho har greidd å plassera teikningane til Dødsstjerna i roboten R2-D2. Roboten landar på ein planet der den rutinerte krigaren Obi-Wan Kenobi og den ferske jyplingen Luke Skywalker bur. Dei vert etter kvart òg tekne til fange på Dødsstjerna, saman med piloten Han Solo og wookien Chewbacca. Dei kjem seg fri, reiser til opprørarplaneten, analyserer teikningane og ser kvar det svake punktet til Dødsstjerna er, og - under over alle under - i absolutt siste sekund greier Skywalker å råka det punktet, slik at Dødsstjerna eksploderer. Men superskurken Darth Vader kom seg unna.

Det er urettvist å samanlikna effektane og kulissane i filmen med det som vert laga i dag, førti år seinare. Men likevel: Det ser enkelt ut. Det er patetisk skodespel, hjelpelause replikkar, og det er ein film det er lett å le av. Av andre grunnar enn dei filmskaparane tenkte.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar