18. mai 2013

Lorax (2012)

Nja, ikkje all verda å skryta av dette, men eg hadde vel heller ikkje noko von om det. Kinoen på Voss inviterte som vanleg til gratis barnekino 17. mai, og det var denne som stod på programmet.

Filmen byggjer på ei bok av Dr. Seuss. Handlinga er lagt til ein by der alt er av plastikk, og der ein mektig forretningsmann styrer heile byen. Han lever av å selja frisk luft på flasker, og har difor utrydda all vegetasjon i byen - utan plantar er jo han den einaste som kan tilby frisk luft. Ted, ein gut i byen, vil imponera nabojenta, som lengtar etter å sjå eit verkeleg tre. Han lurer seg ut av byen, møter ein eremitt som fortel om korleis området vart rydda for tre, men som òg gjev Ted det einaste frøet som finst. Ted smuglar dette inn i byen, og får planta det i ein park, til stor jubel frå alle andre. Bortsett frå forretningsmannen.

Filmen har ikkje den sjarmen bøker av Dr. Seuss har. Animasjonen er midt på treet, replikkar er midt på treet, av og til dukkar det opp nokre anonyme songar, og det er lett å sjå kva som kjem til å skje. Filmen får plusspoeng for den naturvenlege vinklinga, men det er omtrent alt. Dessutan var heile filmen uskarp - men det er vel noko dei tilsette ved kinoen må ta ansvaret for.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar