12. juli 2011

Jason Creed: Nick Drake. The Pink Moon Files (2011)

Nick Drake må vera den musikaren eg har høyrt mest og lengst på. Eg las ein artikkel om han i Nye Takter midt i 80-åra, og forstod fort at dette var noko for meg. I 1986 fann eg samlekassetten Heaven In A Wild Flower på sal i London, og nokre år seinare fann eg samleboksen Pink Moon i ein platebutikk i Wisconsin - eg trur eg jubla då eg såg han. Då eg ti år seinare omsider kjøpte meg CD-spelar, vart Drake raskt den einaste eg hadde komplett både på LP og CD.

Han fekk ikkje noko lang karriere. Han døydde i 1974, 26 år gamal, og hadde då gitt ut tre LP-ar. I alt spelte han inn rundt 40 songar. Dei fleste av desse er aldeles fortreffelege. Han er ein suveren gitarist, og skreiv òg flotte, flotte tekstar. Det går mykje i moll, og det er ikkje spesielt lystige tekstar - han verkar rimeleg ærleg, og skriv til dømes om korleis han slit med å ha kontakt med andre menneske - "if songs were lines in a conversation / the situation would be fine". Han var sterkt deprimert mot slutten av livet, og døydde av ein overdose anti-depressiva. Ingen veit om det var sjølvmord eller ikkje. Dei som stod han nærmast meiner at det må ha vore eit uhell, sidan han var i betre humør enn på lenge.

Jason Creed gav ut Nick Drake-fanzina Pink Moon frå 1994, det kom i alt nitten nummer. Eg hugsar at eg såg lysingar for denne i engelske musikkblad, og det undrar meg litt at eg ikkje skreiv og tinga nokre nummer. Det hadde vore likt meg, eg har gjort det ved andre høve, når eg har sett fanziner om andre eg har sett høgt. I denne boka har han samla ei rekkje artiklar frå fanzina, og det er eit godt plaster på såret. Han har samla artiklane i fleire bolkar - plater, bøker, personlege minne, film og fjernsyn, psykologi, innspelingar, hyllingskonsertar, og Tanworth-in-Arden. Det siste var heimbyen hans, og heimen hans var lenge ein valfartsstad for Drake-fans. Foreldra hans sette merkeleg nok pris på dette, dei besøkande vart inviterte inn, fekk ein kopp te, fekk kopiar av sjeldne Drake-opptak, og fekk sjå rommet der han døydde.

Artiklane er skrivne av mange forfattarar, så det vert ein del repetering, og av og til ulike versjonar av den same hendinga. Det gjer ikkje så mykje, det vert meir personleg og ekte slik det er no. Creed skriv korte innleiingar til kvar bolk, og det som står der er truleg det korrekte. Ein av Drake-mytane seier at trass i glimrande platemeldingar selde han omtrent ingen plater medan han levde. Det er sant at han selde svært lite, men platemeldingane var ikkje spesielt glimrande. Meldinga av debutplata Five Leaves Left i Melody Maker var til dømes kort og grei - "All smokers will recognize the meaning of the title - it refers to the five leaves near the endof a packet of cigarette papers. It sounds poetic and so does composer, singer and guitarist Nick Drake. His debut album for Island is interesting".

I fanzina tok Creed med artiklar frå andre publikasjonar, og mange av desse er òg med her, mellom anna det einaste intervjuet Drake gjorde. Det var kort, og journalisten får ros frå den presseansvarlege ved platekompaniet - han meinte at det var sterkt å få så mykje ut av ein halvtime der Drake berre sa to einstavingsord.

Det er ei flott bok, som utfyller dei andre bøkene som er skrivne om Drake. Og innimellom alt det andre vert det òg fortalt at familien vil gje ut ein Drake-biografi seinare i år. Det kan verta ein litt for autorisert biografi, men sidan dei stort sett ikkje har late seg intervjua av dei andre biografane, kan det koma fram noko nytt der òg. Eg gler meg.

Guffen tilrår.

Meir Nick Drake på kulturguffebloggen
Gorm Henrik Rasmussen: Pink moon (2012)
Nathan Wiseman-Trowse: Nick Drake. Dreaming England (2013)
Cally Callomon og Gabrielle Drake (red.): Nick Drake. Remembered For A While (2014)
Richard Morton Jack: Nick Drake. The Life (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar