28. november 2009

Joel McIver: Justice for All: The Truth about Metallica (2009)

Metallica er eit av banda som har påverka meg mest, reint fysisk. I desember 1988 budde eg i ein liten by i Colorado, og då eg såg at dei skulle spela i Denver, tok eg turen dit. Dei spelte i ein enorm idrettshall, og til alt hell var det billettar att. Eg ba om ein billett "as close to the stage as possible", og fekk ein plass litt ute til venstre, under ti meter frå scenekanten. Konserten var meir enn godkjend, men slik eg stod, var det rein terror for det venstre øyra mitt. Dei neste to-tre dagane høyrde eg ingenting på det, og då høyrselen kom attende, var han akkompagnert av ein liten pipetone. Den har vore der sidan.

Nokre år seinare kom singelen "Enter Sandman", som er eitt av mange døme på ein song som har fenga meg så sterkt at eg høyrde singelen om att og om att. Eg såg òg Metallica i Oslo Spektrum ein gong midt i 90-åra, eg hugsar ikkje akkurat når, men også det var ein bra konsert.

Plater av Metallica har eg ikkje mange av; dei einaste eg kjenner nokolunde godt er debutplata, Kill 'Em All, og den plata som alle andre kjenner. Eg har likevel nok sans for dei til at eg kjøpte denne boka.

McIver legg ikkje skjul på at for han var Metallica best i 80-åra. Nedturen startar med Metallica i 1991, og alle plater som har kome etter det vert slakta. Med unntak av Death Magnetic, som kom i 2008, der han er raus nok til å seia at det er ein opptur på gang. Boka byggjer på ei rekkje intervju, og for alt eg veit gjev boka eit godt bilete av historia til Metallica. Det er likevel litt drøyt å kalla boka for The Truth about Metallica - kva er sant? Dave Mustaine, som vart sparka frå Metallica før debutplata deira kom ut, vert av ein eller annan grunn ein gjennomgangsfigur. Det er greitt at Mustaine og nokre av bandmedlemmane har slengt drit i kvarandre så ofte dei kan dei siste 25 åra, men likevel. Han verkar ikkje som ei altfor truverdig kjelde, òg av di han framleis er bitter over å ha fått sparken frå bandet, men han får likevel brei plass i boka.

Bandet song på siste verset etter at bassisten Jason Newsted hoppa av i 2001. Dei hyra inn ein terapeut, som fekk bandet til å opna seg slik dei aldri hadde gjort før, og dette førte dei tettare saman enn nokon gong. Prosessen fram mot utgjevinga av albumet St. Anger i 2003 vart dokumentert i filmen Some kind of Monster, og i denne utvida utgåva av boka får filmen og dei neste åra stor plass.

Boka er sånn middels velskriven, og heller dårleg redigert. Fleire gonger tok eg meg sjølv i å kjenna att setningar eg nett hadde lese. Kontinuiteten i historia vert òg avbroten av nokre små sidespor, som alle har titlar som opnar med "The Truth about ...". Her har detaljane lett for å verta for mange. Trass i alt dette var det ei lesverdig bok.

Guffen tilrår.

Meir Metallica på kulturguffebloggen
Some Kind of Monster (film, 2004)
Joel McIver: To Live is to Die (2009)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar