28. april 2011

Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på guds jord (2009)

Ein stad i denne boka seier Jon Fosse noko slikt som at ein forfattar skal vurderast etter det beste han har gjort. Viss det er rett, er det fort gjort å slå fast at Jon Fosse er ein strålande forfattar. Morgon og kveld er ei av dei finaste leseopplevingane eg har hatt - sjølv om eg på førehand visste kva boka handla om og kva som venta meg, var der avsnitt og setningar i den boka som gav meg ein massiv klump i halsen. Eg har ikkje lese alt han har skrive, men eg har likt andre av romanane hans, og har òg likt dei tre-fire stykka eg har sett framførte.

Eg har òg høyrt han snakka om forfattarskapen sin ved to høve. Då verka han så nervøs, så lite komfortabel med å snakka om seg sjølv, at eg aldri kunne tenkt meg at han ville gått med på eit slikt prosjekt som denne boka er. Cecilie Seiness har snakka med han ei rekkje gonger, har reist saman med han til utlandet, og har fått han til å snakka om det meste. Han har grenser for kva han vil snakka om, og ho har òg grenser for kva ho vil ha med i boka, men han opna seg likevel godt. Det heng sikkert saman med at han treng litt tid på å tina opp, på å stola nok på nye personar til å snakka med dei.

Fosse framstår som kunnskapsrik. Som kunstnar. Som lettare eksentrisk. Som målmann. Som vestlending. Som familiemann. Han er svært trygg på at han skriv gode bøker, og har òg gode tankar om kva som gjer bøker gode. Seiness nyttar òg eldre intervju med han, eller artiklar han skreiv for mange år sidan, og sjølv om det oftast er slik at Fosse strekar under at han ville ikkje sagt det på same måten no, er desse tidlegare tekstane med på å forsterka biletet av ein forfattar som lever i litteraturen, ein som har tenkt mykje på kva bøker og tekstar gjer med oss.

Den lengste delen av boka handlar om korleis Fosse litt tilfeldig vart ein dramatikar, og korleis han, også litt tilfeldig vart eit internasjonalt fenomen. Nokre land, som Tyskland og Frankrike, tok godt mot stykka hans, andre, som Storbritannia, var meir lunkne. Seiness har snakka med mange av dei gode hjelparane hans, og to av dei viktigaste regissørane vert intervjua i eigne kapittel i boka. Fosse ser mange av stykka sine i utlandet, men synest at reising er noko herk, og har ein del rutinar for å takla det oppstyret slike reiser fører med seg. Han vil ha rom i ein av dei nedste etasjane på hotella, han vil helst reisa midt på dagen, skal han lesa opp vil han ikkje lesa lenger enn femten minutt, og skal han lesa opp på han ha drukke litt fyrst, og helst ha ein pris snus i munnen.

Det er lett å le litt av dette, og det er lett å parodiera stykka og skrivestilen hans. Men etter ei bok som dette er det lettare å få endå meir respekt for han, både som forfattar og privatperson.

Guffen tilrår.

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Olavs draumar (2012)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar