8. april 2011

Red West, Sonny West, Dave Hebler: Elvis: What Happened? (1977)

Eit stykke ute i denne boka står dette avsnittet om forholdet mellom Elvis og Priscilla, før dei gifta seg: "Both Red and Sonny believe that to some degree Presley was keeping Priscilla off balance so she would get acclimatized to the treatment when they got married. There is no doubt in either man's mind that Presley intended right along to get married, although, like most men in his situation, he was in no great hurry".

Most men in his situation? Er det noko denne boka viser, er det at det ikkje fanst andre menn som hadde det som Elvis. Skal me sjå: Han vassa i pengar, han vassa i damer, han vassa i ja-menn, han vassa i dop - han vassa omtrent i alt. Han hadde frikort på alle område - han kunne på kort tid få til eit privat møte med president Nixon. Frå omtrent før han vart vaksen var han ei så stor stjerne at han ikkje kunne visa seg offentleg. Han var ein stor vokalist, og ein minst like stor showmann. Han samla på skytevåpen og pistolar, og fyrte dei gjerne av innandørs. Han trudde at han var tilnærma guddommeleg, han trudde at han, viss han konsentrerte seg, kunne få skyer på himmelen til å flytta seg, og han trudde at han kunne kurera all slags lidingar ved handspålegging.

Han hadde altså eit hoff av ja-menn. Tre av desse fekk sparken i 1976, og i denne boka fortel dei om tida si med Elvis. Red West hadde arbeidd for Elvis heilt frå dei fyrste konsertane, og var truleg den av ja-mennene som kjende han best. Sonny West hadde òg vore med lenge, medan Hebler berre hadde vore med nokre få år. At boka var skriven av tre som nett hadde fått sparken av Elvis, gjorde ikkje uventa mange av lesarane skeptiske til det dei las. Boka kom ut medan Elvis levde, og ingen hadde tidlegare skrive så ope om stoffmisbruket hans, og om dei andre områda der han tok seg til rette. I dag er dette allment kjent, og mange av dei mest kontroversielle episodane i boka er stadfesta i andre, meir seriøse bøker. Denne boka har ingen andre kjelder enn samtalar med dei tre ja-mennene, og dei legg all vekt på livsstilen til Elvis. Her står så godt som ingenting om musikken, og det er altså ingen full biografi, det er meir ein biografi som viser mykje av det Elvis gjorde galt.

Og her er altså ein del episodar som Elvis prøvde å halda skjult. Som den om at han bad eit par av ja-mennene om å skaffa ein leigemordar som kunne ta livet av den nye kjærasten til eks-kona til Elvis. Som den om at han ein gong kasta ein biljardkø rett i brystet på ei ung jente, utan nokon spesielt god grunn. Som den om at han var så fascinert av døde kroppar at han rett som det var tok med seg folk på nattlege visittar til likhus. Eller alle historiane om dop.

Dei tre framstår som enkle og ærlege personar. Dei legg ikkje skjul på at dei ofte burde oppført seg annleis, at dei ofte burde stått opp mot Elvis, men dei forsvarar seg med at dei var altfor glade i han, og at han hadde mykje makt over dei. Dei skreiv boka for å få Elvis til å sjå kva veg det bar, og hadde altså ei von om at boka ville få Elvis inn på betre vegar. Slik gjekk det ikkje. Det er ikkje kjent kva Elvis meinte om boka, og det er heller ikkje sikkert at han las heile boka - han døydde nokre veker etter at ho kom ut.

Guffen tilrår.

Meir Elvis på kulturguffebloggen
Gail Brewer-Giorgio: Is Elvis Alive? (1988)
Peter Guralnick: Last Train to Memphis (1995)
Peter Guralnick: Careless Love (1999)
Alanna Nash: The Colonel (2003)
Elvis (2022)
Priscilla (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar