17. februar 2013

The Breakfast Club (1985)

Eg har ei vag kjensle av at då eg for mange, mange år sidan såg denne filmen på kino, meinte eg at han var heilt grei. Viss det stemmer, anar eg ikkje kva eg tenkte på.

Historia er enkel og grei. Fem skuleelevar har kvar for seg brote reglane for skulen, og må møta på skulen ein laurdag. Dei skal i utgangspunktet skriva ein stil om seg sjølv, og dei skal ikkje snakka med kvarandre. Tvers over gangen sit ein rabiat lærar og passar på. Han tek jobben sin mindre og mindre alvorleg utover dagen - dei fem røyker hasj, dei spelar høg musikk, dei dansar og skrik og har det kjekt, og dei legg ut på ei lang vandring gjennom noko som verkar med kilometer med gangar. Dei kranglar med kvarandre, dei slengjer drit i kvarandre, men til slutt er dei alle på godfot, og fire av dei vert kjærastepar mot slutten av filmen.

Det heile er så enkelt og stereotypt at det vert pinleg. Tilfeldigvis er det berre fem som skal ta denne ekstradagen, og dei fem har heilt ulike bakgrunnar. Ein nerd, ei bortskjemt rikmannsdotter, ein idrettshelt, ein bråkmakar, og ei som berre er deprimert. Ein ekstradag der berre ein, kanskje to, normalt ville vore i trøbbel med skulen? Rart. Dei fem er òg altfor enkelt teikna, dei er akkurat slik ein ville tru at dei ville vera. Språket er anstrengt, og det heile verkar aldeles utdatert. Ikkje like utdatert som den aldeles forferdelege musikken, men likevel.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar