25. februar 2013

Frank Bill: Crimes in Southern Indiana (2011)

For ei bok. Og det er like godt ei debutbok.

Her er sytten noveller, som absolutt er i slekt. Handlinga er lagt til landsbygda i Indiana, i det amerikanske heartland, og hovudpersonane har mykje til felles. Mange slit med seinskader etter å ha kriga i utlandet. Mange kjem frå relativt dysfunksjonelle familiar. Mange slår. Mange vert slått. Mange er eller kjenner nokon som er kriminelle. Her er mykje vald. Menn er menn; kvinner er mindre verdt. Ingen er velståande. Alle er djupt konservative. Eg tippar at ingen av dei røystar ved val, dei er sikkert forbanna på regjeringa og hovudstaden. Men viss dei hadde røysta, hadde dei i røysta på republikanarane.

Dei er opptekne av dei nære ting. Det er ikkje dei store spørsmåla som opptek dei. Dei er likevel opptekne av rettferd, men det er gjerne ein rettferd som passar akkurat dei, ikkje nokon universell rettferd.

Det er historier utan tilgjeving. Har nokon gjort noko gale, skal dei straffast, og dei skal helst straffast valdeleg. Det har ingenting å seia om den skuldige er eit nært familiemedlem, brør kan slå brør; foreldre kan slå ungar. Ein gjer omtrent kva som helst for å nå måla sine - ein bestefar kan godt selja det svært unge barnebarnet sitt til nokre naboar, sjølv om han veit svært godt kva dei kjem til å gjera med ho.

Boka er ubehageleg, men likevel vanskeleg å leggja frå seg. Historiene er glimrande oppbygde, det kjem ofte ei aldeles uventa vending, og dei er skrivne i eit tett og presist språk. Det tek ikkje lang tid før ein skjønar at alle historiene er valdelege, at eit eller anna kjem til å gå gale. Denne kjensla av uhygge er òg med på å halda lesaren fanga. For ei bok. Eg gler meg til den neste.

Guffen tilrår.

Meir Bill på kulturguffebloggen
Donnybrook (2013)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar