5. mars 2011

W.L. Rusho: The Mystery of Everett Ruess (2010)

For ikkje lenge sidan såg eg filmen Into the Wild, og noko seinare las eg boka òg. Ein av stadene vart Everett Ruess nemnt, så det låg litt i korta at det ikkje ville ta lang tid før eg las litt om han.

Der er mange likskapar mellom Ruess og Christopher McCandless, hovudpersonen i Into the Wild. Begge kjem frå ressurssterke familiar. Begge framstår som svært sjølvstendige og oppegåande. Begge slit med å finna seg til rette i storsamfunnet, og vil greia seg åleine, helst i ein natur relativt fri for folk. Begge brukte dekknamn då dei var i naturen. Men der er òg ulikskapar. Der McCandless braut heilt med familien, heldt Ruess kontakten med dei, og fekk jamleg ettersynt forsyningar.

Ruess var hakket yngre enn McCandless då han forsvann. Siste gongen familien høyrde frå han, var han berre tjue år. Då hadde han vore i ørkenområda sørvest i USA store delar av dei siste fire åra. Dette området fascinerte han uendeleg. I brev og dagbøker skriv han ofte om denne jakta på beauty. I boka er ei rekkje av breva hans trykte, og der er ei rekkje flotte passasjar. Breva er innsiktsfulle og velskrivne, det er nesten vanskeleg å gå med på at dei er skrivne av ein så ung mann. Han fortel om folk han møter, om stader han reiser, men det han likar best er å skriva om naturen han ser. Det var den som drog han dit. Dette var før det vart så godt tilrettelagt som det er i dag, det var før det vart lagt store vegar gjennom fleire av dei dei flottaste områda, som Monument Valley, så han kom der i rett tid. For han var det dette som var livet, og han skriv fleire stader at han ikkje kan tenkja seg eit anna liv.

Det fekk han heller ikkje, han forsvann i 1934. Dei to muldyra hans vart funne, og der vart funne nokre inskripsjonar ein reknar med var laga av han, men det var omtrent alt. Det vart arrangert nokre leiteaksjonar, utan resultat. Fleire hypotesar vart kasta fram - han kunne ha vorte rana og drepen, han kunne ha gifta seg med ei indianarjente og slege seg saman med stamma hennar, eller han kan ha valt å bryta kontakten med storsamfunnet. Etter å ha trykt (og kort kommentert) breva Ruess skreiv, fortel Rusho om leiteaksjonane i ettertid, og om dei ulike hypotesane som dukka opp. Boka kom første gong ut i 1982, og i denne oppdatera versjonen tek han med den siste utviklinga. Mykje har vore påstått, men slik Rusho legg det fram, er det klart mest sannsynlege at Ruess hadde eit uhell, og datt ned ein stad det var vanskeleg, kanskje uråd, å finna han.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar