15. mars 2011

Arne Hjeltnes: Ivar Nimme (2010)

Arne Hjeltnes er best kjend som ein gladgut frå fjernsynet. Han kan minna ein smule om Smørbukk, der han smiler og ler og er på talefot med alle som finst. Han har gjeve ut fleire bøker, mellom anna nokre diktbøker der det er eit stykke mellom dei heilt gode poenga.

Det er difor gledeleg at han i denne romanen ikkje prøver å drepa lesarane med halvgode vitsar og ordspel. Sjølve historia er sånn passeleg lystig, men boka er likevel skriven i eit passeleg seriøst språk.

Ivar Nimme handlar i alle fall om noko passeleg seriøst. Nimme er ein grisebonde som ikkje tek omsyn til alle reglar og direktiv frå Brüssel, og som difor får melding frå byråkratiet om at han må slutta som grisebonde. Han leverer like godt alle grisane direkte på lensmannskontoret, og det fører til så mykje oppstyr at han vert frådømt gard og grunn. Dei som har hatt noko med han å gjera vert òg straffa på ulikt vis, og dei rottar seg saman for å ta knekken på det hemmelege Rådet, ei samling prominente personar i Bergen som tek seg av dei personane som tek kampen opp med velferdsstaten og sosialdemokratiet. Det heile endar sjølvsagt godt for Nimme og medhjelparane hans.

Historia er enkel og grei, sjølv om ho ikkje er spesielt truverdig. Det er fort gjort å lesa boka, slik at me får ikkje god tid til å verta kjend med dei mange personane som er involverte, og dei aller fleste av desse framstår difor som relativt eindimensjonale. Likevel er ikkje boka bortkasta tid, ho er godt skriven, og det er jo stas med bøker som sympatiserer sterkt med grisebønder.

Guffen er lunken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar