9. april 2024

Tormod Strømme og Marit Aakre Tennø: Med hjartet på rette staden. Kringkastingsringen 50 år (2005)

Denne jubileumsboka er todelt: Den fyrste delen fortel soga til Kringkastingsringen, den andre handlar meir om stoda for nynorsk og samisk og dialektar i media. Det er ei heilt grei todeling, sidan Ringen arbeider for meir nynorsk i media. 

Samstundes er det ikkje tvil om at den fyrste delen er meir interessant enn den andre. Det heile opnar med eit godt intervju med Magne Rommetveit, før Erling Lægreid kjem med minne frå den tidlege tida, då både han og Rommetveit var sentrale. Så kjem sjølve lagssoga, der eg vart både overraska og imponert: På kort tid bygde dei opp ein målorganisasjon som hadde fleire medlemer enn Noregs Mållag. Sjølv meinte dei at ein av dei viktigaste grunnane var at dei ikkje engasjerte seg i rettskrivingsspørsmål. Ein annan viktig grunn var at dei ikkje hadde lokallag - dei ville ikkje konkurrera med Mållaget. 

Så er det nok ein veikskap med framstillinga av soga til Ringen at dei ikkje skriv noko om nedgangen i medlemstal. Eg fekk det i alle fall ikkje med meg, og det burde vel òg ha stått noko om kvifor nedgangen kom (og kvifor Noregs Mållag igjen var størst).

Guffen tilrår. 

6. april 2024

Johan Austbø: Olav Sletto. Ein studie (1923)

Slike bøker burde det vore fleire av. Ho er på 45 sider, og gjev seg ikkje ut for å vera noko anna enn ho er: Ein introduksjon til ein kunstnar. Mange av biografiane som vert gjevne ut i dag er omfangsrike og er gjerne resultatet av mange års arbeid. Ofte er dei verdt bryet, men dei kan vera tunge å ta fatt på for dei som ikkje les så mykje. Då er ein slik introduksjon betre, og det kan godt vera at det er slik boka fungerer: Lesarane vert nyfikne og prøver seg kanskje fram.

Men når alt det er sagt: Akkurat denne boka kunne vore betre. Austbø er mest interessert i bøkene til Sletto, men han skriv òg litt om livet hans. Han framhevar at han er ein stor talar, og at han høver godt som skulemann. Men det meste av boka er altså ein gjennomgang av bøkene Sletto hadde skrive fram til 1923, og det vert for livlaust. Han refererer meir enn han analyserer, og når han finn fram til omgrep han likar godt, kjem dei attende fleire gonger. 

Guffen kan ikkje tilrå dette.  

Meir Austbø på kulturguffebloggen
Olav Bjåland. Idrottsmann og polfarar (1945)

Meir Sletto på kulturguffebloggen
Per Spegil (1939)

28. mars 2024

Tormod Haugland: Om søvn og mørke (2019)

Del to i det som vel er ein trilogi. Haugland hentar stoffet frå eige liv, og tek opp eit tema som er eller har vore aktuelt for mange: Korleis er det å ha odel på ein gard, samstundes som ein helst vil gjera noko heilt anna?

Den unge forteljaren i boka er fascinert av naturen. Han gjer oppgåvene som skal gjerast, men legg òg merke til ting andre ikkje bryr seg om. Det er ei forståing av at han skal ta over garden, spesielt då faren vert sjuk og etter kvart døyr. Han tek òg over garden, men dei fyrste åra han driv garden går han òg på ein kunstskule i Bergen. Der har han, slik han fortel i boka, "ein gardbrukar sin mentalitet, på same tid som eg prøvde å drikka meg vekk frå han". Han lever studentlivet, og sel garden til broren.

Det er ei finfin bok. Haugland skriv som vanleg godt, og det er lett å leva seg inn i kreftene som slit i han. Frå slekta kjem det berre eit lett press; dei ser òg at det er andre ting forteljaren skal og bør driva med.

Guffen tilrår.

Meir Haugland på kulturguffebloggen
Under (1994)
Varmare (1995)
Heller (1997)
Orden (1999)
Verd (2000)
To stykke (2002)
Inkarnasjon (2004)
I den sjette verda (2005)
No mar (2007)
Romberg. Kvinner og kriminalitet (2010)
Om dyr og syn (2017)
Om livet på jorda (2021)
Sirenene (2024)

27. mars 2024

J.D. Salinger: Nine Stories (1953)

På veg heim frå USA, tom for lesestoff, fann denne i ein bokhandel på veg til flyplassen. Av Salinger har eg berre den boka alle har lese - det er rett nok lenge sidan, men eg minnest boka som god. Sjølv om dette er ei samling noveller han (stort sett) skreiv før Catcher kom ut, plar det ofte vera bryet verdt å lesa dei likevel. Der er som regel eit eller anna som hintar fram mot større litteratur.

Det er det ikkje her. Absolutt ikkje. Eg las den fyrste novella, "A Perfect Day for Bananafish", og tenkte at dette var ekstremt tynne greier (bortsett frå tittelen, som jo er godkjent). Så svippa eg innom Wiki for å lesa litt om boka, og då stod det at "... Bananafish" var ein av dei beste og mest vidgjetne av novellene til Salinger. Eg hadde altså ikkje mykje tru på resten av boka, og det burde eg heller ikkje ha: Dette er det ikkje verdt å bruka tid på.

Personane han skriv om engasjerer ikkje, sjølve forteljingane er lite spesielle, språket er dårleg (med altfor mange adjektiv), og så bortetter.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Salinger på kulturguffebloggen
The Catcher in the Rye (1951)
Margaret A. Salinger: Dream Catcher. A Memoir (2001)
Joanna Rakoff: My Salinger Year (2014)

23. mars 2024

Ari Behn: Trist som faen (1999)

Av og til dukkar det opp debutantar som får ekstremt med stryk. Det vert gjerne sagt at dei står for noko nytt, at dei er svært talentfulle, og kanskje at her har me fått ein forfattar me kan gle oss over i mange år framover.

Det var omtrent slik då denne boka kom ut. Det var debutboka til Behn, og boka fekk terningkast seks i fleire aviser. Boka inneheld femten korte forteljingar; heile boka er på under hundre sider, og mange av dei sidene er blanke. 

Det går altså fort å lesa boka, og det går òg fort å gløyma boka. I alle fall for meg - det er vanskeleg å sjå kva som er så stort her. Kanskje boka råka ein eller annan tidsånde for 25 år sidan, kanskje eg ikkje er i målgruppa. Forteljingane viser oss augneblinkar i ulike liv. Viss me ser etter fellesnemnarar kan det vera at det handlar (mest) om menn, det handlar om mot, det handlar gjerne om folk som puslar med noko småkriminelt, det handlar litt om menn som er ute på eventyr. 

Det er ikkje spesielt fengande. Det dukkar opp ein og annan velskriven setning av og til, men det er ikkje mange av dei.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

22. mars 2024

Ibelin (2024)

Historia om Mats Steen er nesten ufatteleg sterk. Eg las ein artikkel om han på nettsidene til NRK for nokre år sidan, og ein skal vera rart skrudd saman om ein ikkje vart rørt av å lesa han. Steen hadde ein medfødd sjukdom som gjorde at han frå tidleg alder måtte bruka rullestol for å koma seg rundt. Han vart mindre og mindre sosial, og brukte all tid framfor dataskjermen. Han døydde då han var 25. 

Og det var då familien merka at dei hadde teke feil. Steen hadde eit svært sosialt liv i dataspelverda. Han var ein aktiv og omtykt medlem av eit lag i World of Warcraft, der han var den han var, utan at dei andre visste om sjukdomen hans. Han hadde vener over heile verda,. Etter at foreldra la ut melding på bloggen hans om at han var død, rann det inn med støttemeldingar frå medspelarane hans. Foreldra såg sonen i eit anna lys, og både dei og me andre vart påmint om at det er råd å vera sosial med folk via ein dataskjerm.

Foreldra hans filma heile tida, slik at i filmen ser me korleis Steen vert gradvis dårlegare. Desse delane av filmen er finfine, og det er sterkt å sjå korleis foreldra og systera samlar seg rundt dataskjermen og les støttande meldingar frå folk dei ikkje kjende. Resten av filmen er sett saman av autentiske dialogar frå spelet, sett saman med animasjonar som viser korleis dei ulike WoW-figurane kan ha oppført seg då ting var sagt. Desse delane er ikkje like fengande. Me har alt fått fortalt historia; animasjonane er mest med på å forsterka noko som alt er fortalt.

Guffen tilrår.

19. mars 2024

Jan H. Landro: Jon Fosse. Enkelt og djupt (2022)

For ei flott bok. Jan H. Landro, ein av dei aller, aller finaste kulturjournalistane me har hatt, går grundig gjennom romanane og forteljingane til Jon Fosse. Han skildrar, analyserer og kommenterer, han dreg liner mellom ulike bøker i forfattarskapen, og det lyser kunnskap og innsikt av alt han gjer.

Alle bøkene får like seriøs handsaming, også dei som vert sette på som noko mindre vellukka. Av og til fortel han om korleis boka vart til, og han kan skriva noko om korleis boka vart motteken. Men han bruker mest tid på å finna moment som går att i kvar roman. I omtalen av debutromanen Raudt, svart skriv han om vekkjarklokka; i omtalen av Melancholia skriv han om lyset. 

Boka sluttar med eit bortimot seksti sider langt intervju med Fosse. Dette intervjuet er òg ein fryd å lesa - Fosse snakkar ope og alvorleg om skriving, om livet, og om dei ulike bøkene. Landro møter sjølvsagt godt førebudd, og stiller utfordrande spørsmål som Fosse ser ut til å lika. 

Det er eit storverk, slik Fosse fortener. Eg har nett lese meg gjennom alle desse bøkene, men fleire gonger under lesinga tenkte eg at akkurat den boka må eg lesa om att. Og omtalen av Septologien var så fin at eg nesten vart rørt igjen. 

Guffen tilrår.

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Raudt, svart (1983)
Stengd gitar (1985)
Blod. Steinen er (1987)
Naustet (1989)
Flaskesamlaren (1991)
Bly og vatn (1992)
To forteljingar (1993)
Prosa frå ein oppvekst (1994)
Gitarmannen (1997)
Eldre kortare prosa (1998)
Morgon og kveld (2000)
Det er Ales (2004)
Melancholia (2004)
Leif Zern: Det lysande mørket (2005)
Andvake (2007)
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Jente i gul regnjakke (2009)
Olavs draumar (2012)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)
Det andre namnet (2019)
Eg er ein annan (2020)
Eit nytt namn (2021)
Kvitleik (2023)
I svarte skogen inne (Det Vestnorske Teateret, Bergen, 2.6.2023)
Mor og barn (Det Vestnorske Teateret, Bergen, 28.2.2025)
Asle og Alida (Grieghallen, Bergen, 4.4.2025)
Vaim (2025)
Gitarmannen (DNS, Bergen, 24.1.26)