7. februar 2019

Jon Fosse: Jente i gul regnjakke (2009)

Det er ei stund sidan sist eg gjorde dette: Las eit skodespel eg ikkje har sett framført. Jente i gul regnjakke er eitt av dei siste skodespela Fosse har skrive, og det er tydeleg at han veit kva verkemiddel han skal bruka. Det er eit stykke eg gjerne skulle ha sett.

Me møter seks personar. Tre menn og tre kvinner. Fire av dei høyrer saman i to par; dei to siste er einslege. Dei snakkar sjølvsagt saman, dei to para snakkar med kvarandre, av og til snakkar dei med dei to einslege. Dei høyrer til saman, men dei skuldar òg kvarandre for saker. Og av og til vert det referert til ei jente i gul regnjakke. Kanskje er ho i dag ein av dei tre kvinnene i stykket, kanskje ikkje.

Det er ikkje den rare ytre handlinga i stykket. Det gjer slettes ingen ting. Spenninga ligg i samtalane, i språket, og i korleis dei av og til snakkar med kvarandre utan å seia det både dei og me ventar at dei skal seia.

Guffen tilrår.

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Raudt, svart (1983)
Stengd gitar (1985)
Blod. Steinen er (1987)
Naustet (1989)
Flaskesamlaren (1991)
Bly og vatn (1992)
To forteljingar (1993)
Prosa frå ein oppvekst (1994)
Gitarmannen (1997)
Eldre kortare prosa (1998)
Morgon og kveld (2000)
Det er Ales (2004)
Melancholia (2004)
Leif Zern: Det lysande mørket (2005)
Andvake (2007)
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Olavs draumar (2012)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)
Det andre namnet (2019)
Eg er ein annan (2020)
Eit nytt namn (2021)
Jan H. Landro: Jon Fosse. Enkelt og djupt (2022)
Kvitleik (2023)
I svarte skogen inne (Det Vestnorske Teatret, Bergen, 2.6.2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar