18. februar 2019

Sjón: Skugga-Baldur (2003)

I gamle dagar budde eg tvers over vegen frå Haugen Bok i Volda. I dag sel dei berre bøker på nettet, men i dei dagar var dei ein av dei finaste bokhandlane i landet. Dei hadde stort utval, og i kjellaren var det alltid stort utval av bøker til redusert pris. Eg trur det var der eg fann denne boka. Eg likte ho då, og eg likte ho no.

Både historien, og måten han vert fortalt på, er finfine. Det heile går føre seg i 1883. Femten år tidlegare kom ei kvinne med Downs syndrom til Island. Ein forskar/urtegranskar tek ho til seg som hushjelp. Han er litt på kant med presten. Kvinna døyr, og ein av tenarane til presten hentar liket. I dagane etter går presten på revejakt, der han vert teken av eit snøras.

Stort meir er det ikkje å seia om historia, i alle fall ikkje utan å røpa absolutt alt. For det er ei bok med fleire overraskingar, og det er ei bok med uvanleg godt og poetisk språk. Stas.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar