23. februar 2019

Rune Timberlid: Red Mercury (2003)

Utgangspunktet for denne boka er så vestlandsk som det kan verta. Der andre bøker kan handla om fly eller tog som vert kidnappa, handlar denne om ei kidnapping av ferja Lærdal, som går mellom Fodnes og Mannheller. Det er det inste av dei mange ferjerutene som krysser Sognefjorden, og med kidnapparane om bord køyrer ferja heilt ut til enden av Sognefjorden, legg kursen litt nordover, og held fram innover Førdefjorden.

Timberlid er lokalkjend langs fjordane. Det burde vore ein fordel for boka, men det vert òg ein bakdel: Han finn det for godt å vera turistguide, og fortel om natur og kultur i grendene ferja fer forbi. Desse avsnitta (som er korte, men som det er mange av) er malplasserte, og dreg ned det som måtte vera av spaning.

Kva som skjer? Dei som kidnappar ferja er nokre lokale luringar, som treng nokre millionar for å realisera draumen om å kjøpa ein bar eller to i Thailand. Tilfeldigvis er den amerikanske ambassadøren ombord, og sidan han er den amerikanaren som kjenner terror-rørslene i verda best, dreg politi og regjering fort ein konklusjon om at det er ambassadøren som er det eigentlege målet, og at kidnapparane er muslimske terroristar. Mot slutten av boka dukkar den eine ubåten etter den andre opp ved sida av ferja, men han som (på ikkje altfor overtydande vis) reddar dagen er politimannen Rolf Randen, som òg var ein av dei som vart kidnappa.

Guffen er lunken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar