12. februar 2019

John Steinbeck: Sweet Thursday (1954)

Tortilla Flat er ei av dei beste av dei tidlege bøkene til Steinbeck. I den boka møter me ein del luringar som bur i ein fattig bydel i Monterey i California. Dei drikk meir enn dei arbeider, og det er ikkje mykje materiell velstand i liva deira, men dei vert presenterte med stor sympati og tidvis god humor.

Denne boka er ein slags oppfølgjar, skriven nesten tjue år seinare. Nokre av personane frå Tortilla Flat er med, medan andre er nye. Her er det i større grad ei samanhengande historie, sjølv om det innimellom kjem korte historier om noko heilt anna. Den raude tråden er at alle vil gjera noko godt for Doc, som alltid hjelper andre, både med pengar og anna. Dei samlar inn pengar til eit nytt mikroskop til han, og prøver òg å kopla han saman med ei av kvinnene i nabolaget.

Begge delar er sympatiske handlingar, men det er ikkje nok til å berga denne boka. Her er lite av den humoren eller sjarmen som prega Tortilla Flat, og skrivinga er heller ikkje like inspirert som før. For meg tok det uventa lang tid å koma gjennom denne boka.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Steinbeck på kulturguffebloggen
Cup of Gold (1929)
The Pastures of Heaven (1932)
The Red Pony (1933)
To a God Unknown (1933)
Tortilla Flat (1935)
In Dubious Battle (1936)
The Harvest Gypsies (1936)
Of Mice and Men (1937)
The Long Valley (1938)
The Grapes of Wrath (1940, film)
The Moon is Down (1942)
Cannery Row (1945)
The Pearl (1947)
The Wayward Bus (1947)
Burning Bright (1950)
East of Eden (1955, film)
Travels With Charley (1962)
Of Mice and Men (1992, film)
Geert Mak: USA. En reise (2012)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar