9. februar 2019

Vidar Kvalshaug: Komme hjem og reparere hus (2005)

Vidar Kvalshaug er i dag ein av dei finaste novelleforfattarane i Noreg. Det er meir enn tjue år sidan sist han gav ut ein roman, etter det har han konsentrert seg om noveller og barnebøker. Dette er den andre novellesamlinga han gav ut, og sjølv om det er mykje bra å seia om boka, er det òg noko å trekkja for.

I fleire av novellene tok eg meg i å tenkja at her har ikkje ideen, eller utgangspunktet, vore god nok. Det verkar som om det burde vore arbeidd meir med stoffet, desse novellene går ikkje like djupt som novellene i dei ferskaste bøkene til Kvalshaug.

Samstundes er her altså mykje bra. Han skriv godt, og ofte er det slik at me kjem raskt innpå dei han skriv om. Her er ein del fellestrekk i novellene - det handlar gjerne om familiar som ikkje heng saman lengre, litt skrantande forhold mellom foreldre og born. I mange, kanskje dei fleste, av novellene står det om bilar, og i nokre av novellene er det òg slik at bilen har ei hovudrolle.

Guffen er lunken.

Meir Kvalshaug på kulturguffebloggen
Ingen landevei tilbake (1996)
Nesten som på film (1998)
Juling og andre kjærtegn (2000)
Den første av dine aller siste sjanser (2009)
Trampolineland (2012)
Alt på stell (2016)
Blodbøksommer (2017)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar