22. februar 2019

Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del II (2013)

Dette er band to av den fyrste delen av denne svært omfattande Beatles-biografien. Saman det det fyrste bandet har eg no vore gjennom litt over 1500 fabelaktige sider. Mark Lewisohn går ekstremt langt ned i kjeldene - desse sidene dekkjer tida fram til 1. januar 1963. Dei står altså framleis på trappene til eit verkeleg gjennombrot, og har berre gjeve ut éin singel. Det seier litt om framdrifta når den fyrste konserten med Ringo Starr som medlem i bandet vert omtalt på side 1293.

Javisst er det mange detaljar, men det er likevel ei uvanleg god bok. Lewisohn skriv svært godt, han har full kontroll på stoffet sitt, og ser samanhengar dei fleste andre ville ha gått glipp av. Lewisohn har vore Beatles-historikar heile livet, og det er tydeleg. Han refererer til obskure konsert-opptak, han har vore innom i ei rekkje private fotoalbum, og teiknar eit bilete av The Beatles som er ulikt alt anna. Eg gler meg stort til dei neste banda.

Er det noko å trekkja for? Sjølvsagt. Som i det fyrste bandet har han ei uforståeleg veksling mellom informative fotnotar og informative sluttnotar. Viss han er redd for at sluttnotane ville teke for mykje plass som fotnotar er han på villspor - dei som les så detaljert bok som dette ville ikkje protestert om ho var femti sider lengre. Det andre som trekkjer ned er at alle sentrale personar vert omtala med førenamn. Som regel er det heilt greitt, men når George Martin og George Harrison er i same rom, og Lewisohn skriv om noko George seier eller gjer, er det nokre stader uråd å vita kven av dei det handlar om.

Guffen tilrår.

Meir The Beatles på kulturguffebloggen
A Hard Day's Night (film, 1964)
John Lennon: In His Own Write (1964)
John Lennon: A Spaniard in the Works (1965)
Magical Mystery Tour (film, 1967)
Yellow Submarine (film, 1968)
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Let It Be (film, 1970)
Williams/Marshall: The Man Who Gave The Beatles Away (1975)
Mark Shipper: Paperback Writer (1978)
The Rutles/All You need is Cash (film, 1978)
Brown og Gaines: The Love You Make (1983)
I
an MacDonald: Revolution in the Head (1994)
The Beatles Anthology (fjernsynsserie, 1995)
The Beatles: Anthology (2000)
Ringo Starr: Postcards from the Boys (2004)
Joshua M. Greene: Here Comes The Sun (biografi om George Harrison, 2006)
Howard Sounes: Fab. An intimate Life of Paul McCartney (2010)
George Harrison. Living in the material World (film, 2011)
Hunter Davies (red.): The John Lennon Letters (2012)
Good Ol' Freda (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del I (2013)
Tom Doyle: Man on the Run (2014)
Paul Du Noyer: Conversations with McCartney (2015)
Michael Seth Starr: Ringo. With a Little Help (2015)
The Beatles. Eight Days A Week (2016)
Sgt. Pepper's Musical Revolution (2017)
George Harrison: I Me Mine (2017)
Tony Barrell: The Beatles on the Roof
 (2017)
The Beatles: Get Back (bok, 2021)
Paul McCartney: The Lyrics (2021)
The Beatles. Get Back (fjernsynsserie, 2021)
McCartney 3, 2, 1 (2021)
Kozinn og Sinclair: The McCartney Legacy, Volume 1 (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar